Høg lånegjeld i kommunane
Alle kommunar skal rapportere informasjon om si verksemd til Statistisk sentralbyrå (SSB) gjennom Kommune-Stat-Rapporteringa (Kostra). Hos SSB vert tala registrert og samanstilt. Informasjonen skal tene som grunnlag for analyse, planlegging og styring for avgjerdstakarane og andre, både nasjonalt, regionalt og lokalt. I tabellane her er det den finansielle situasjonen og driftskostnadane i kommunane som er vektlagt. I Kostra er det grundig informasjon om kommunal verksemd innanfor alle sektorar.
I tabellane er det nytta konserntal, slik at kommunen, kommunale føretak, kommunale samarbeid og interkommunale selskap er med. Tabellen over dei økonomiske indikatorane syner dei viktigaste nøkkeltale når det gjeld kommunane sin økonomiske situasjon. Netto driftsresultat vert sett på som den viktigaste enkeltståande indikatoren for korleis den økonomiske situasjonen i ein kommune er. Netto driftsresultat er det kommunane har igjen etter at drifts- og finansutgiftene er betalt. Det er tilrådd at netto driftsresultat er på minst tre prosent av driftsinntektene over tid for at kommunane sin formue skal verte ivareteken.
Somme av dei økonomiske indikatorane tydar på at kommuneøkonomien i Møre og Romsdal har styrka seg dei siste åra. Netto driftsresultat er på eit høgare nivå og det er færre kommunar som har hatt underskot. Likevel er det ein del indikatorar som talar for at den underliggande økonomiske balansen i kommunane i Møre og Romsdal er svakare enn landsgjennomsnittet. Av tabellen går det fram at kommunane har høgare lånegjeld enn landsgjennomsnitt utanom Oslo. Medan gjeldsveksten til landet har stagnert, held gjelda fram med å vokse for kommunane i Møre og Romsdal. Det vil seie at kommunane har mindre handlingsrom i åra som kjem enn kommunane elles i landet. På kort sikt fører det til at kommunane i Møre og Romsdal har høge finanskostnadar og at det er mindre pengar igjen til tenesteproduksjon. Tabellen syner at netto driftsresultat i 2013 var 2,1 prosent av driftsinntektene for kommunane i Møre og Romsdal samla. Det er i overkant av 20 prosent lågare enn landsgjennomsnittet.
Med 36 kommunar i Møre og Romsdal er det klart at eit gjennomsnitt på fylkesnivå ikkje vil vere representativt på kommunenivå. På kommunenivå viser tabellen at det er store skilnadar mellom kommunane. Aukra kommune har langt på veg det høgaste netto driftsresultatet i fylket. Aukra kommune er i ei særstilling i landssamanheng og har ein av dei aller sterkaste økonomiane i landet. Stranda kommune har den høgaste gjelda i landet med om lag 2,3 gonger inntekta si. Stranda kommune må nytte store delar av inntekta si til å betale renter og avdrag i mange år framover.
Disposisjonsfondet er kommunane sin sparekonto. Kommunane må ha frie midlar i netto driftsresultat for å kunne byggje opp disposisjonsfondet. Midlane frå disposisjonsfondet kan nyttast etter kommunane sitt eiga ynskje, til dømes som eigenfinansiering i investeringar eller til å dekkje inntektssvikt eller uventa utgifter.
Tabellen over netto driftsutgifter i prosent av totale netto driftsutgifter syner kva kommunane har nytta at eigne midlar i dei ymse sektorane, på bakgrunn av behov og prioriteringar i kommunen. Gjennomsnittstala for kommunane i Møre og Romsdal og for Noreg utanom Oslo syner at det er lite variasjonar i kor mykje av utgiftene kommunane nyttar på dei ymse sektorane. Studerer ein tala på kommunenivå, ser ein at tala varierer meir.
Den sektoren som kommunane i Møre og Romsdal nyttar mest av midlane sine på, er pleie og omsorg. Det er óg den største sektoren for Noreg utanom Oslo. Den nest største sektoren er grunnskule, fylgt av barnehagesektoren, både i Møre og Romsdal og i Noreg utanom Oslo.