Over 1000 elbilar i Møre og Romsdal
Sidan 1990 har dei totale klimagassutsleppa i Noreg auka med 5 prosent. I transportsektoren er auken på 27 prosent. Totale utslepp derifrå er på 12,6 millionar tonn i året, der personbiltransporten er den største enkeltfaktoren, med 5,6 tonn tempo2014.no/). Kollektivtransport, gange og sykling er viktige middel for å få redusert desse utsleppa, men særskilt i distrikta vil bilen framleis ha ei rolle å spele. Tal både frå uavhengige forskingsinstitusjonar og bilindustrien sjølv viser at elbilar har lægre utslepp pr. køyrde km enn vanlege bilar, også når ein reknar med produksjon og gjenvinning av bil og batteri og import av europeisk straum. Transportøkonomisk institutt har rekna ut at den mest kostnadseffektive måten å nå målet om reduksjon av utsleppa til 85 g CO2/km, er å behalde insentivordningar til det er 160 000 - 200 000 elbilar på vegane.
Elektriske køyretøy treng ein ny type infrastruktur, og både private og offentlege aktørar bidreg no til at det blir bygd ut og registrert ladepunkt. Det største talet på nye ladepunkt i år kom i Rauma, Norddal og Stranda. Mange campingplassar der melde frå om at kontaktane dei har sett opp for bubilar også kan brukast til elbilar. Desse tre kommunane har no fleire ladepunkt enn elbilar. Likevel melder reiselivsbedrifter i området at ladepunkta er i jamleg bruk, då enkelte elbilturistar kjem eins ærend for å prøve dei nye ladepunkta.
I juli 2014 kom elbil nummer 1000 til Møre og Romsdal. Frå 2013 til 2014 har det vore ein total vekst i elbilar på 129 prosent. Veksten var 159 prosent i landet totalt. Averøy kommune har lenge stått i ei særstilling, også nasjonalt, men no har Ålesund tre bilar meir. Midsund er den einaste kommunen i fylket utan elbilar.