Lite radon i Møre og Romsdal
Radon er ein radioaktiv gass som blir danna når grunnstoffet uran blir brote ned. Dette skjer naturleg i berggrunn som inneheld uran, og gassen siv opp gjennom sprekker. I tette hus vil den kunne bli samla opp i mengder som kan vere kreftframkallande. Alunskiferen på Austlandet og ein type granitt i Bergensområdet har særskilt mykje uran. Radonmengda blir målt gjennom å måle stråling (Becquerel/Bq). I område med mykje radon kan ein få utslag på mange tusen Bq.
Mellom 50 og 300 av lungekreftdødsfalla i Noreg kvart år skuldast truleg radon. WHO sine anbefalingar frå 2009 for radon seier at opphaldsrom bør helst ha mindre enn 100 Bq til 300Bq. Gjennom strålevernforskrifta er grensene i Noreg sett til 100 og 200 Bq. I tillegg er det krav om radonsikring av alle nybygg, uavhengig av målingar. I Sverige er tilsvarande grenser 200 Bq for nybygg, og 400 Bq på arbeidsplassar.
Det finst fleire feilkjelder i radonmålingar, og det er viktig å måle snittet over ein lengre periode. Om snittverdiane er høge er det mogleg å få elektroniske målingar som viser når på dagen og året verdiane er høgast. Ofte er strålinga høgast i rom som er lukka og dårleg ventilert. Verdiar på nokre få hundre Bq vil ofte kome under grenseverdiane med enkle tiltak som å lufte meir eller tette sprekker mot grunnen. Er det fleire målingar med høge verdiar kan ein til dømes bore radonbrønnar.
Mykje av grunnfjellet i Møre og Romsdal er ein relativt uranfattig gneis, og målingar tyder på at det i dei fleste område er låge radonverdiar; 96 prosent er under den anbefalte grenseverdien på 100 Bq, og nesten 20 prosent av målingane er på 0 Bq. Lokale skilnader i berggrunn og lausmasser, og nokre typar betong, kan likevel føre til at ein i enkelte bygg får høgare verdiar. Den einaste målinga i Møre og Romsdal som er over 1000 Bq er frå Gjøra i Sunndal (1387 Bq).