Kjøpesentera tek over stadig meir av handelen
Omsetninga innan detaljvarehandelen i Møre og Romsdal låg i 2012 på 73 000 kroner per innbyggar, som var marginalt under landsgjennomsnittet på 74 000 kroner. Daglegvarer utgjorde 46 prosent av omsetninga, utvalsvarer 31 prosent og plasskrevjande varer 23 prosent.
Den største omsetninga skjer i byane. Ålesund, Molde og Kristiansund står for over halvparten av omsetninga i fylket, medan folkemengda berre utgjer 37 prosent. Ålesund hadde den høgaste omsetninga, med 115 000 kroner per busett, følgd av Molde med 109 000 kroner og Ulstein og Kristiansund med kring 90 000 kroner.
Sjølv om det er store variasjonar, har alle kommunane hatt omsetningsauke i perioden frå 2004 til 2012. Størst samla omsetningsauke hadde Rindal med 92 prosent, etterfølgd av Volda og Skodje med 72 prosent. Samla auke for Møre og Romsdal fylke var 44 prosent. Størst årleg vekst hadde Skodje med 8,9 prosent, tett følgd av Rindal med 8,8 prosent. Ålesund og Kristiansund hadde om lag 5 prosent årleg vekst og Molde om lag 4 prosent, medan samla årleg omsetningsvekst i fylket var 4,4 prosent.
I perioden 2004-2012 vart det registrert ein nedgang i marknads-delen for sentrum i både Ålesund, Molde og Kristiansund. Nedgangen var spesielt stor for utvalsvarer (klede, sko osb.), som er typiske sentrums- og kjøpesentervarer. I 2012 hadde Kristiansund sentrum 54 prosent marknadsdel for utvalsvarer, medan Løkkemyra hadde 39 prosent. I Molde var tilsvarande tal 34 prosent for sentrum og 59 prosent for Lingedalen/Molde-gård, medan fordelinga i Ålesund var 14 prosent i sentrum og 43 prosent på Moa. Når det gjeld daglegvarehandelen spelar bysentra ei mindre rolle. I 2012 skjedde berre 14 prosent av daglegvareomsetninga i Ålesund i sentrum, medan tilsvarande tal for Molde var 16 prosent og Kristiansund 21 prosent.