Byane er motorane i detaljvarehandelen
Detaljvarehandel er handel over disk til private forbrukarar, med unnatak av drivstoff, bilar, motorsyklar og båtar. Detaljvarehandelen blir gjerne delt i daglegvarer (næringsmiddel og hushaldsartiklar), utvalsvarer (klede, sko og andre forbruksvarer) og plasskrevjande varer (møblar, kvitevarer, fargevarer, byggevarer og hageplanter).
Dekningsgraden for varehandel er definert som forholdet mellom omsetninga i ei handelssone og samla forbruk for dei busette i same sone, uttrykt i prosent.
Ulstein, Ålesund, Molde og Kristiansund står fram som handelstyngdepunkta i fylket, med ein samla dekningsgrad på 120-160 prosent. Ørsta, Volda, Norddal, Sunndal og Surnadal er i relativ balanse, med dekningsgradar i området 90-110 prosent, medan resten av kommunane har handelsunderskot.
Ser ein på daglegvarehandelen aleine, jamnar bildet seg meir ut. Her har dei fleste kommunane ein dekningsgrad på 90-120 prosent. Norddal kjem høgast, med 134 prosent.
For utvalsvarer er omsetningsmønsteret eit anna. Her står Ulstein, Ålesund, Molde og Kristiansund endå tydelegare fram som handelstyngdepunkt, med dekningsgradar på 130-210 prosent. Ørsta, Volda, Stranda, Sunndal og Surnadal har dekningsgrader på 90-110 prosent, medan resten av kommunane har betydeleg handelslekkasje. Halsa og Sande har ikkje registrert omsetning på denne type handel i det heile.
Når det gjeld møblar, kvitevarer osb., har Molde og Ålesund over 200 prosent dekning, medan Kristiansund, Vestnes, Ørsta, Ulstein og Vanylven har over 100 prosent dekning. Mange kommunar har ikkje dekning på denne type handel i det heile. Innanfor kategorien byggevarer og planter skil dei fleste nordmørskommunane seg ut saman med Nesset, Molde, Ålesund og Vanylven, med dekningsgrader mellom 127 og 184 prosent, medan det i fleire av dei andre kommunane er lita eller inga dekning.