Breitt tenestetilbod i byane

Breitt tenestetilbod i byane

Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) har utvikla ein metode for kartlegging og rangering av tettstadene i Noreg, der ein både tek omsyn til folketalet i tettstaden, talet på tenestetilbod i kommunen og offentlege institusjonar vekta etter regional betydning. På grunnlag av dette har ein rangert kommunane i ti kategoriar, alt frå storbyar til perferi.

I 2013 kjem tettstadene Ålesund/Sula og Molde i kategorien «mellomstore byar», medan Kristiansund, Volda og Ørsta er i gruppa «småbyar». 11 kommunar, som alle har eit folketal på 5 000-10 000 innbyggarar, har tettstader i gruppa «bygdesenter», medan resten av kommunane er i gruppa «periferi».

Vidare har NIBR rangert kommunane i fylket etter tal tilgjengelege handels- og servicetenester samt eit vekta tilbod av offentlege institusjonar. Det er nytta 100 tenestekategoriar , medan det vekta tilbodet av offentlege institusjonar  maks kan gi 44 poeng.

Ikkje overraskande ligg Ålesund, Molde og Kristiansund på topp, med eit breitt tilbod innanfor begge kategoriar. I Ålesund er det registrert 97 av 100 moglege tenestetilbod, i Molde 94 og i Kristiansund 93. Kristiansund har færre offentlege institusjonar enn Molde og Ålesund; her er den vekta poengsummen 21, mot 37 i Molde og 30 i Ålesund.

Volda og Ørsta har også god breidde i sitt tenestetilbod og fleire tunge offentlege institusjonar. Andre kommunar med relativt høgt utval av tenester er Rauma, Ulstein, Sykkylven, Sunndal og Surnadal. Av desse skårar Rauma høgt også når det gjeld offentlege institusjonar. Ørskog og Tingvoll har også relativt mange offentlege institusjonar, men kjem lågare ut på tenestetilbodet elles. 

Det smalaste tenestetilbodet har Stordal og Sandøy, som saman med Hareid, Skodje, Eide, Norddal, Rindal og Midsund også har det lågaste tilbodet av offentlege institusjonar.

Rangering av kommunane i Møre og Romsdal ut frå tettstadstorleiken, tenestetilbod og offentelege instituasjonar i kommunen

Last ned

Kommunane rangert etter tal tilgjengelege handels- og servicetenester samt eit vekta tilbod av offentlege institusjonar. 2012

Last ned