Store regionale skilnader i FoU-aktivitet

Store regionale skilnader i FoU-aktivitet

I 2012 vart det brukt 48 milliardar kroner på forsking og utviklingsarbeid (FoU) i Noreg. Under ein av desse milliardane, 963 millionar, vart brukt i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal sin del av dei samla FoU-utgiftene i landet vaks med 0,4 prosentpoeng frå 2011 til 2012, men utgjorde likevel ikkje meir enn to prosent i 2012. Innbyggartalet i Møre og Romsdal utgjorde til samanlikning 5,1 prosent av befolkninga i Noreg i 2013.

Oslo er det klart mest dominerande fylket, med totale FoU-utgifter på 14,5 milliardar kroner i 2012, noko som utgjer 30,4 prosent av dei samla FoU-utgiftene i landet i 2012. Rangert fylkesvis etter kven som brukte mest ressursar på forsking og utviklingsarbeid, så følgjer Sør-Trøndelag (8,1 mrd.), Akershus (6,5 mrd.) og Hordaland (5,3 mrd.). Desse fire fylka er størst målt i FoU-utgifter, og stod for nær tre firedelar av Noregs samla FoU-utgifter i 2012.

I Møre og Romsdal er det næringslivet som står for størsteparten av FoU-aktiviteten målt i FoU-utgifter. Heile 72 prosent av dei 963 millionane som gjekk til FoU-arbeid i 2012, sto næringslivet for. Forskingsinstitutta og høgskulane hadde høvesvis 16 prosent og 12 prosent av dei samla FoU-utgiftene. 

I 2012 vart det brukt litt over 3 700 kroner per innbyggar på FoU i Møre og Romsdal. Til samanlikning vart det i Sør-Trøndelag brukt 27 200 kronar på FoU per innbyggar, medan FoU-kostnadane i Oslo per innbyggar kom opp i 23 800 kroner.

Om ein ser på dei geografiske fordelingane av midlane som går frå Noregs Forskningsråd til FoU, ser ein det same mønsteret som gjeld for dei totale FoU-utgiftene. I 2013 betalte Forskningsrådet ut 6,44 milliardar kroner til forsking og utvikling i Noreg. Møre og Romsdal fekk 82 millionar frå Forskningsrådet i 2012, noko som utgjer 1,3 prosent av dei totale midlane.

I 2013 var det 162 aktive nærings-PhD-stipendiatar i Noreg, og berre to av desse høyrer heime i Møre og Romsdal.

FoU-utgifter i 2012. Etter fylke og sektor, samt utvalde tal for 2013

Last ned

Totale FoU-utgifter 2012 etter fylke fordelt på sektor

Last ned