Møre og Romsdal 6. best på SkatteFUNN

Møre og Romsdal 6. best på SkatteFUNN

SkatteFunn er ei ordning som gir rett til skattefråtrekk for bedrifter som gjennomfører FoU-prosjekt. I 2013 vart det til saman godkjent 2 037 nye prosjekt i SkatteFUNN. Desse hadde eit samla kostnadsbudsjett på over 6 milliardar kroner, og budsjettert skattefråtrekk på vel 1 milliard. 8 prosent av dei nye godkjende SkatteFUNN-prosjekta i 2013, 161 i talet, kom frå Møre og Romsdal.

Når det gjeld aktive SkatteFUNN-prosjekt er det registrert 317 aktive prosjekt i Møre og Romsdal, noko som gjer oss til det 6. største SkatteFunn-fylket. Fylka med flest aktive prosjekt i 2013 er Oslo (740), Akershus (412), Hordaland (401) og Sør-Trøndelag (383). Ein tredel av Møre og Romsdal sine aktive SkatteFunn-prosjekt er i kategorien marin/sjømat, noko som gjer oss til det fylket i landet med flest aktive prosjekt innan denne kategorien (109). Den mest forskningstunge sektoren er marin sektor, medan maritim sektor inneheld flest utviklingsprosjekt. Saman med Hordaland og Rogaland sto Møre og Romsdal i 2013 for nær halvparten av alle 148 nye godkjente maritime prosjekt i SkatteFUNN. Blant Møre og Romsdal sine aktive SkatteFUNN-prosjekt i 2013 var det elles flest i kategoriane IKT (20 prosjekt) og petroleum/olje og gass (18 prosjekt).

 

Forskningsrådet sine tildelingar i 2013 fordelt på fylke, i mill kroner

Last ned

Aktive SkatteFUNN-prosjekt i 2013 fordelt på fylke

Last ned