Folkehelse
Røyking kan forklare nesten halvparten av forskjellane i levealder
Nye studiar frå Høgskolen i Oslo og Akershus om sosial skilnad i helse, syner at røyking åleine kan forklare nesten halvparten av forskjellane i levealder i Noreg. Røyking er skeivare fordelt i Noreg enn i mange andre vesteuropeiske land, og det er betydelege forskjellar i levealder mellom dei som har god utdanning og god løn og dei som ikkje har det. For menn har forskjellane i levealder mellom utdanningsgruppene blitt mindre etter år 2000, for kvinner aukar forskjellane framleis.
Færre røyker og ungdomane røyker mindre enn vaksne
Det er ein jamn nedgang i den vaksne befolkninga i fylket som røyker dagleg. Vi ligg framleis over landssnittet når det gjeld aldersgruppa 16-44 år, der 16 prosent i Møre og Romsdal røyker, mot 14 prosent for heile landet.1 Også når det gjeld røyking blant førstegongsfødande kvinner ligg vi over landssnittet, med 24,5 prosent, mot 20,4 prosent for landet, jf. Folkehelseinstituttet.
«Ungdata-undersøkinga frå 2013»3 syner at det er færre ungdommar som røyker i Møre og Romsdal enn snittet for landet. 3,1 prosent av ungdomane røyker kvar veke, mot 3,6 prosent for heile landet. Det er fleire gutar enn jenter som røyker. Også når det gjeld delen som snusar kvar veke ligg fylket under landet, med 6,0 prosent mot 7,9 prosent. Det er om lag dobbelt så mange gutar som jenter som snusar.
Alkoholforbruket aukar – ungdom drikk mindre
Alkoholforbruket i Noreg har auka med 40 prosent dei siste 20 åra og mest blant kvinner og eldre, men det er framleis menn som drikk mest. Bruken av alkohol aukar med aukande utdanning og inntekt, men delen med avhengighet av alkohol er høgare blant dei med låg inntekt og utdanning jf. Folkehelseinstituttet.
Alder for rus-debut har mest å seie for seinare vanskar med alkoholbruk Bruken av alkohol blant unge har hatt ein tydeleg nedgang etter årtusenskiftet. Ungdata-undersøkinga frå 2013 viser at av ungdomsskoleelevane i fylket er det 9,5 prosent som har drukke så mykje at dei har følt seg tydeleg rusa ein eller fleire gonger, mot 13,1 prosent for landet. På VG1 har 39,1 prosent vore tydeleg rusa. For landet er dette talet 48,3 prosent, så her skil elevane i fylket seg positivt ut i høve landet. I Møre og Romsdal er det liten forskjell mellom jenter og gutar på ungdomsskolen når det gjeld alkoholbruk, men nokre fleire jenter enn gutar på VG1 har erfaring med å vere rusa. For landet ser ein den tendensen også for 10. trinn.
Ein stressa ungdomsgenerasjon – jentene særleg utsette
Dei fleste unge er godt nøgde med eiga helse. Tal for landet syner at 42 prosent svarar at dei er svært nøgde med eiga helse. Men Ungdata-undersøkinga frå 2013 viser også at delen unge som rapporterer om psykiske plager er høg. Dette gjeld typiske symptom på stress, som det å tenkje at «alt er eit slit» eller å «bekymre seg for mykje om ting». Av ungdommane i fylket som har svara på undersøkinga, svarar 10,8 prosent at dei er ganske eller veldig mykje plaga av depressive symptom. Tilsvarande tal for landet er 12,5 prosent. Jentene er meir plaga enn gutane, med 16,8 prosent, mot 5,2 prosent for gutane.
Positive endringar i kosthaldsvanar
Det er ei positiv utvikling når det gjeld inntak av frukt og grønt blant vaksne i fylket, og 51 prosent åt i 2012 frukt og grønt dagleg, mot 45 prosent i 2008.
Ser ein på delen vaksne i fylket som nemner at dei drikk brus eller saft med sukker dagleg, så er inntaket om lag halvert frå 2005 til 2012. Frå å ligge nest høgast i landet (etter Finmark) i 2005, med 23 prosent av befolkninga, låg vi i 2012 på 12 prosent.
75 prosent av barnehagane har delteke på kurs for å auke inntaket av fisk
For å auke inntaket av fisk i barnehagar og SFO blir det arrangert kurs for tilsette, kalla Fiskesprell. I perioden 2009 til juli 2014 har 760 tilsette i 230 barnehagar og nokre frå SFO delteke på kurs. I tillegg har 121 lærarar i faget Mat og helse delteke på kurs (2010-2014). Fiskesprell er godt forankra i folkehelsenettverket i kommunane, og samanlikna med andre fylke ligg Møre og Romsdal svært høgt i talet på kursdeltakarar, jf. Norges Sjømatråd
95 prosent av innbyggarane i fylket har tilgang på reint drikkevatn
Reint vatn er livsnødvendig og dagleg vesketap bør i stor grad erstattast av reint drikkevatn.
Av innbyggarane i Møre og Romsdal er det 94,8 prosent som er knytt til vassverk med tilfredsstillande analyseresultat. Det er litt lågare enn i landet elles, kor 95,9 prosent har tilfredsstillande drikkevatn. Personar som er knytte til vassverk som dekker minst 50 fastbuande og/eller 20 husstandar er omfatta av desse målingane. Ein god del private vassverk i fylket har lågare dekningsgrad.
Det er store skilnader mellom kommunane i fylket. 17 av kommunane hadde tilfredsstillande analyseresultat i 2012. Det er fire fleire enn i 2006. Sykkylven og Norddal er mellom kommunane som kjem dårlegast ut. Dei mest folkerike kommunane har i heile perioden hatt gode resultat. Best ut av bykommunane kjem Kristiansund. I til saman seks kommunar har alle innbyggarane i heile perioden frå 2006 til 2012 hatt tilgang til reint drikkevann. Dårleg leidningsnett er ei utfordring og arbeidet med å skifte ut/reparere går langsamt.