Talet på aleinebuande aukar
Frå 2008 til 2013 har det vorte 7 962 fleire hushald i Møre og Romsdal. Det er framleis flest hushald med par/åleineforeldre med barn. Desse utgjer 38 prosent av alle hushald i Møre og Romsdal. Talet på hushald med barn har halde seg stabilt dei siste fem åra. Auken i hushald skuldast i hovudsak fleire åleinebuande. I 2013 utgjer denne gruppa 36 prosent av hushalda i fylket. På landsbasis var åleinebuande den vanlegaste typen hushald, med ein del på 40 prosent. Par utan heimebuande barn stod for 23 prosent av alle hushald i fylket. Også for denne gruppa ser vi ein liten auke frå 2008. Fleirfamiliehushald er relativ sjeldne, 3 prosent bur fleire familiar i lag.
I bykommunane i fylket var det flest åleinebuande i 2013. Relativt sett utgjorde åleinebuande over 40 prosent av alle hushalda i både Halsa, Smøla og Sunndal. Kommunane med størst del hushald med par/åleineforeldre med barn i 2013 finn vi på Sunnmøre. Her ligg Skodje på topp, tett følgt av Giske, Sula, Ulstein og Herøy.
Fleirfamiliehushald utgjer ein liten del av hushalda i Møre og Romsdal. Men i Tingvoll, Midsund, Aure og Norddal utgjer fleirfamiliehushald rundt 5 prosent av alle hushalda i kommunane. Lågast del fleirfamiliehushald finn vi i bykommunane Molde, Ålesund og Kristiansund.
I 2013 var det 58 færre skilsmisser i Møre og Romsdal enn i 2003. Det er ein nedgang på 12,4 prosent. I same tidsperiode var det 104 færre separasjonar, ein nedgang på 17 prosent. Talet inngåtte ekteskap har halde seg relativt stabilt i perioden.
Utviklinga i tal adopsjonar i Møre og Romsdal har vore nedgåande dei siste åra. Dette er ein trend vi også finn på landsbasis. I 2008 var det 19 utanlandsadopsjonar i fylket, og 8 adopsjonar av stebarn. I 2013 hadde talet utanlandsadopsjonar gått ned til 10, medan tal adopsjonar av stebarn låg på 4.