Nasjonal eksportrekord – variert i Møre og Romsdal

Nasjonal eksportrekord – variert i Møre og Romsdal

I 2013 eksporterte fastlands-Noreg tradisjonelle varer for nærare 365 milliardar kroner, noko som er ein auke på 1,4 prosent frå året før og den historisk høgaste eksportverdien for Noreg. I Møre og Romsdal eksporterte vi varer for om lag 31 milliardar kroner i 2013, ein nedgang på 0,6 prosent frå 2012 og nærare 12 prosent nedgang frå toppåret 2010 her i fylket. Noko av dette skuldast omlegging av statistikken, men vi registrerer ein reell nedgang i eksporten av fisk frå Møre og Romsdal dei seinare åra. Fisk og sjømat har eigen omtale i Fylkesstatistikken og vi går derfor ikkje nærare inn på forklaringa her.

Sjølv om vi kan registrere ei noko svakare utvikling frå 2012-2013, viser tal for første halvår 2014 ein solid auke i eksporten frå vårt fylke samanlikna med same tidsrom i fjor. Samla eksport til ein verdi av over 18,5 milliardar gir ein auke på 8,5 prosent og posisjonen som Noregs tredje største eksportfylke er ikkje truga. Auken for landet samla var i same tidsperiode om lag halvparten av det vi hadde her i fylket, med 4,6 prosent.

Første halvår 2014 er dermed om lag på nivå med same tidsrom i 2010. Held veksten fram kan 2014 bli mellom dei beste åra for eksportindustrien i fylket.

Eksportstatistikk viser ikkje heile bildet. Tabellane som her er omtala handlar om fastlandseksport av andre varer enn råolje, naturgass, naturlege gasskondensat, skip og oljeplattformer. Dette betyr at tenester ikkje er med, og det same gjeld for gassen vi eksporterer frå Nyhamna. Årsaka til at vi ikkje publiserer noko på dette er at det ikkje er tal tilgjengeleg på tenester, og for uforedla petroleumsprodukt gjer ein inga fordeling mellom fylka. Den samla eksporten av tenester og gass har, basert på tidlegare kartleggingar, ein samla eksportverdi som er meir enn det doble av det som kjem fram her.

Fastlandseksport i mill. kroner

Last ned

Fastlandseksport av varer per fylke i perioden januar-juli 2013 og 2014 i mill kroner

Last ned

Eksport av fisk etter fylke 2013 og 2012 i mill. kroner

Last ned