Venta folketalsvekst

Venta folketalsvekst

Høg folketalsvekst også dei neste åra

Dei nyaste framskrivingane frå Statistisk sentralbyrå  (SSB) når det gjeld folketalet, viser at folketalsveksten i Møre og Romsdal vil fortsette i åra som kjem. Høg innvandring frå utlandet er ein sentral faktor som gjer at det er venta vekst i fylket, men framskrivingane legg til grunn at innvandringa til fylket etter kvart vil gå ned. Likevel er folketalet i fylket dei neste 10 åra venta å auke med 22 000 innbyggarar, ein vekst på 8,6 prosent. Dette vil vere ein høgare vekst enn det som har vore registrert i fylket dei siste 10 år, men ein lågare vekst enn det som er venta for landet totalt 10,8 prosent.

I perioden fram mot 2024 er det venta folketalsvekst i alle fylka i landet. Oslo vil få den sterkaste veksten. Her vil folketalet auke med over 15 prosent. Akershus og Rogaland får også høg vekst, medan det blir lågast vekst i Sogn og Fjordane.

Veksten i Møre og Romsdal er venta å bli særleg stor i kommunane rundt Ålesund, i Ulstein og Volda  samt i bykommunane Ålesund, Molde og Kristiansund. Totalt er det venta folketalsauke i 28 av kommunane fram mot år 2024. I 7 av desse kommunane er veksten venta å bli høgare enn snittet for landet, og Giske, Skodje og Ulstein vil få den sterkaste veksten.

Det er venta at Ålesund vil passere 50 000 innbyggarar i år 2021, Molde vil passere 30 000 i 2029, og Kristiansund vil nå 30 000 innbyggarar i år 2035.

Framskrivingane viser at det vil bli tilbakegang i folketalet i 8 av kommunane dei neste 10 åra. Nedgangen vil bli størst i Vanylven og Norddal; i begge desse kommunane er det venta ein nedgang i folketalet på over 10 prosent.   

Sterk vekst i aldersgruppa 70-79 år

Talet på eldre i fylket vil auke i tida framover, og særleg for aldersgruppa 70-79 år vil det bli sterk vekst. Ved inngangen til 2014 var det over 17 000 personar i denne aldersgruppa og dette er venta å auke til over 27 000 fram mot år 2024, ein vekst på 56 prosent. Dette er ein vekst på linje med veksten på landsbasis, og er eit resultat av at dei store etterkrigskulla blir eldre samt at levealderen aukar. Dermed stig delen eldre (70 år eller meir) frå å utgjere om lag 12 prosent av innbyggarane i fylket  i dag, til om lag 15 prosent om 10 år.

Ein sterk vekst i den aller eldste delen av befolkninga, det vil seie dei som er 80 år eller eldre, er venta først etter år 2024 og fram mot år 2040. Frå i dag og til år 2040 vil tal personar i denne gruppa doble seg, og 8,5 prosent av innbyggarane i fylket vil då vere 80 år eller meir. Auken i delen eldre skuldast delvis at levealderen aukar (fleire på toppen av pyramiden), men også at fødselstala er låge, slik at det blir færre i botn av pyramiden.

Dei neste 10 åra vil det bli fleire personar i alle aldersgrupper, med unntak av dei mellom 40 og 49 år. I denne aldersgruppa er det venta ein tilbakegang på 2,4 prosent, og dette er i samsvar med prognosane for landet totalt.

Auken i dei yngre aldersgruppene i fylket (10–29 år) er også venta å bli relativ svak. Tal personar mellom 10 og 19 år vil auke med 0,7 prosent, medan auken for aldersgruppa 20–29 år vil vere på 1,8 prosent. For begge gruppene er dette ein lågare vekst enn veksten på landsbasis. Aldersgruppa 30-39 år vil derimot ha ein høgare vekst enn snittet for landet, og om 10 år vil talet personar i denne gruppa ha auka med om lag 17 prosent.

Venta folketalsvekst i prosent fram mot 2024 (MMMM, mellomalternativ)

Last ned

Venta folketalsvekst i fylket dei neste 10 åra fordelt på aldersgrupper

Last ned

Venta folketalsvekst i fylka fram mot år 2024

Last ned

Folketal etter aldersgrupper. Venta folketalsvekst fram mot 2024

Last ned