Innvandring
2 300 fleire innvandrarar ved inngangen av 2014
Talet på innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i Møre og Romsdal aukar stadig. Ved inngangen til 2014 hadde innvandrarbefolkninga i fylket vårt auka med 2 300 personer, eller 9,1 prosent, til 27 339 personar. Det var ein nedgang på om lag 700 personar frå inngangen til 2013, då talet innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre hadde auka med 3 000.
I Møre og Romsdal finn vi flest innvandrarar i aldersgruppa 20–44 år. Personar i denne alderen er i sin mest arbeidsdyktige periode, og i den aldersgruppa då dei er mest mobile. Dette svarar godt til det faktum at vi finn mange arbeidsinnvandrarar i fylket vårt. Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i denne aldersgruppa utgjer ved inngangen til 2014 55,3 prosent av alle innvandrarar i Møre og Romsdal. Den nest-største gruppa av innvandrarar finn vi i aldersgruppa 45–66 år, og desse utgjorde 19,9 prosent av innvandrarane i fylket i same tidsperiode. Også dette er ei gruppe med personar i ein arbeidsdyktig alder. Det er færrast innvandrarar i Møre og Romsdal i alderen 80 år og over, samt barn under eitt år.
I definisjonen innvandrar inngår både dei som har flytta til landet vårt og dei som er fødde i Noreg av to innvandrarforeldre. I Møre og Romsdal utgjorde norskfødde med innvandrarforeldre berre 9 prosent av innvandrarane ved inngangen til 2014. Dette er ein lågare del enn i landet elles. Til saman utgjorde innvandrarane 10,5 prosent av befolkninga i Møre og Romsdal ved årsskiftet
På nasjonalt nivå var det om lag 760 000 innvandrarar totalt ved inngangen til 2014. Dette utgjorde 14,9 prosent av befolkninga. Det var ei auking på 48 720 personar, eller 6,9 prosent frå året før. 16,6 prosent av innvandrarane var norskfødde med innvandrarforeldre.
Fortsatt fleire menn enn kvinnar blant innvandrarane
Det er framleis fleire menn enn kvinner blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn i Møre og Romsdal. Dette kjem av den store arbeidsinnvandringa til fylket. Ved inngangen til 2014 var 14 626 av innvandrarbefolkninga menn. Relativt sett vil dette seie at menn utgjorde 53,5 prosent av innvandrarbefolkninga. Dette er ein liten nedgang frå i fjor, då same tal låg på nærare 55 prosent.
I dei fleste kommunane i Møre og Romsdal finn vi fleire menn enn kvinner blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Størst del menn har Sande og Ulstein, som begge ligg på over 60 prosent. Unntaka i fylket er Nesset, Vanylven og Midsund der delen kvinner utgjær 54 prosent eller meir.
Færrast innvandrar i Rindal
Det bur innvandrarar i alle kommunane i Møre og Romsdal, men størst innvandrarbefolkning finn vi i bykommunane Ålesund, Kristiansund og Molde. Av desse tre kommunane ligg Ålesund på topp, med nærare 5 500 personar. I relative tal er det derimot flest busette innvandrarar i Stordal. Her utgjer innvandrarbefolkninga over 16 prosent av kommunens folkemengd. Nest etter Stordal kjem Sande, Hareid og Ulstein, kor innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre utgjer tett opp mot 16 prosent av det totale innbyggartalet i alle tre kommunane.
Kommunen med lågast del innvandrarar i befolkninga er Rindal. Her utgjer innvandrarbefolkninga 1,5 prosent av alle innbyggarar i kommunen. Låg del innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre finn vi også i kommunane Surnadal, Halsa og Nesset, som alle ligg på mellom 4 og 5 prosent.
To tredjedelar av innvandrarbefolkninga i Møre og Romsdal kjem frå Europa
I Møre og Romsdal er det innvandrarar frå Europa som dominerer. Ved inngangen til 2014 hadde 67,7 prosent, eller 16 829 av innvandrarane, bakgrunn frå Europa utanom Tyrkia. 19,3 prosent, eller 4 793 av innvandrarane, kjem frå Asia med Tyrkia, medan berre i underkant av 10 prosent, eller 2 246 innvandrarar, har afrikansk bakgrunn. Færrast innvandrarar kjem frå Oseania, Nord-Amerika og Sør- og Mellom-Amerika.
For 20 år sidan var talet innvandrarar i Møre og Romsdal 4 682. Også den gongen kom flest innvandrarar frå Europa og Asia, men det var fleire innvandrarar frå Nord-Amerika enn frå Afrika. Viss vi samanliknar tal frå 1994 med 2014, finn vi at talet innvandrarar frå Europa har auka med 86,2 prosent, medan talet innvandrarar frå Afrika og Asia har auka med høvesvis 93,3 og 71,5 prosent på same tid. Minst auking finn vi blant innvandrarar frå Nord-Amerika, der auken har vore 7,4 prosent når vi ser 20 år tilbake i tid.
Blant innvandrarane frå Europa er det flest menn. Ved inngangen til 2014 var nær 10 000 av dei 16 829 innvandrarane derifrå menn. Blant innvandrarane frå Afrika var kjønnsfordelinga tilnærma lik. Blant innvandrarane frå Asia var det derimot flest kvinner. Av dei nær 5 000 innvandrarane frå Asia var om lag 3 000 kvinner.
Viss ein ser nærare på kva nasjonalbakgrunn innvandrarane i Møre og Romsdal har, finn ein Polen på topp, med 5 210 innvandrarar i fylket ved inngangen til 2014. Det er ei auke på 387 personar frå året før. Polakkane er også den største innvandrargruppa på nasjonalt nivå. Den nest største gruppa er innvandrarar frå Litauen, som ved inngangen til 2014 utgjorde 2 757 av innvandrarane i fylket. Den tredje største gruppa, på 1 845 personer, kom frå Tyskland.