Folketalsutvikling

Folketalsutvikling

Sterk, men minkande folketilvekst

I løpet av 2013 passerte folketalet i Møre og Romsdal 260 000 og per 1. januar 2014 var det 261 530 busette i fylket. Folke- talet auka med 2 126 personar i 2013, ein vekst på 0,8 prosent. Denne folketilveksten er lågare enn veksten dei fire føregåande åra, men likevel høg i eit historisk perspektiv. Folketalet i Noreg auka med 1,1 prosent i 2013.

Den noko minkande folketilveksten i fylket heng saman med lågare nettoinnvandring frå utlandet. Nettoinnvandringa i 2013 var på 2 536, ein nedgang på 560, eller 18 prosent, frå året før. Dette er første gong sidan 2003 det er registrert ein nedgang i nettoinnvandringa til fylket. Nedgangen er eit resultat av at færre vandra inn frå utlandet samstundes som fleire flyttar frå fylket til utlandet. Den same trenden finn ein også på landsbasis, og Noreg hadde i 2013 ein nedgang i nettoinnvandringa på 15 prosent samanlikna med året før.

Lågare fødselsoverskot er den andre faktoren som forklarar noko av den minkande folketilveksten. Det vart fødd rundt 2 760 i Møre og Romsdal i 2013 og om lag 2 270 døydde. Dette er færre fødde enn i 2012 og fødselsoverskotet blir dermed lågare. Fødselsoverskotet på 490 er det lågaste fødselsoverskotet på fem år og er også lågare enn gjennomsnittet for fylket dei siste ti åra.

Av kommunane i fylket hadde 23 ein auke i folketalet i 2013 og 12 kommunar hadde ein nedgang. Sett i høve til folketalet var det størst vekst i Sula, Giske og Skodje. Som tidlegare år var det Ålesund som hadde den største veksten målt i absolutte tal. Størst nedgang i folketalet var det i Norddal, både i absolutte tal og i høve til folketalet. Av bykommunane i fylket var det berre Ålesund som hadde større vekst enn landsgjennomsnittet, Kristiansund hadde like stor vekst som landet (1,1 prosent) og Molde vaks med 0,4 prosent.

Folketalsauke i 24 kommunar dei siste 10 åra

Folketalet i Møre og Romsdal har i perioden 2004 til 2014 auka med om lag 17 000 personar, eller 6,9 prosent. I same tiårsperiode har folketalet i Noreg auka med 11,6 prosent. Av fylket sine 36 kommunar har 24 kommunar hatt vekst i folketalet i løpet av dei siste 10 år. Størst vekst i høve til folketalet har det vore i sunnmørskommunane Skodje, Ulstein, Sula, Giske og Ålesund. Alle desse kommunane hadde større vekst i denne perioden enn snittet for landet og Skodje har hatt over dobbelt så høg vekst som landsgjennomsnittet.

Av dei 12 kommunane i fylket som har nedgang i folketalet dei siste 10 åra, er det 4 kommunar som har ein nedgang på over 5 prosent. Størst nedgang i høve til folketalet er det i Vanylven. Her har folketalet gått ned med 12 prosent.

Størst vekst i kommunar rundt Ålesund

Folketalsveksten i Møre og Romsdal dei siste 10 åra har vore sterkare enn i perioden 1994-2004. Dette skuldast i stor grad den sterke veksten i innvandring frå utlandet sidan 2006. Med nokre unntak er folketalsutviklinga for dei fleste av kommunane i fylket meir positiv dei siste 10 år enn dei 10 føregåande åra. Av byane har spesielt Kristiansund hatt ein markert sterkare vekst dei siste 10 åra. Av dei andre kommunane var det spesielt Ulstein som skilde seg ut med høg vekst i perioden 1994-2004, men dei siste 10 åra har også Skodje, Sula og Giske hatt ein særdeles høg vekst.

Både dei siste 10 åra og i perioden 1994-2004 har folketalsveksten i Møre og Romsdal vore mindre enn landsgjennomsnittet. Ein svakare folketalsvekst enn landet elles fører til at stadig færre av innbyggarane i Noreg høyrer heime i Møre og Romsdal. Medan busette i fylket utgjorde 5,5 prosent av samla folketal i 1994, er det tilsvarande talet 5,1 prosent i 2014.

Endringar i folketalet siste året (2013)

Last ned

Folketalsutvikling i kommunane, fylket og landet 1994 - 2014

Last ned

Folketal fordelt på aldersgrupper 1. januar 2014 i kommunane i Møre og Romsdal, fylket og landet

Last ned

Folketilveksten i Møre og Romsdal etter type siste 10 åra. 1.1 2004-2014

Last ned

Folketilvekst, fødselsoverskot, innanlandsk nettoflytting og nettoinnvandring. 2000-2013

Last ned

Folkemengde 1. 1. 2014 og endringar i året før

Last ned