Fødselsoverskot og fertilitet
Færre fødslar, relativ høg fruktbarheit
Det vart fødd 2 762 barn i Møre og Romsdal i 2013, ein nedgang på 71 frå året før. Trass årlege variasjonar viser utviklinga på sikt at det blir fødd stadig færre barn i fylket. I 1973 kom det nesten 1000 fleire barn til verda i Møre og Romsdal enn det gjorde i 2013, og dei siste 40 åra har talet på fødde berre vore lågare i 2006.
Utviklinga på landsbasis viser også ein nedgang i talet på fødde det siste året på omtrent same nivå som i Møre og Romsdal. Ser ein derimot på utviklinga siste 40 åra, er nedgangen for landet mindre enn i Møre og Romsdal. Dette betyr at barn fødde i Møre og Romsdal utgjer ein stadig mindre del av alle barn fødde i Noreg 4,7 prosent i 2013, mot 6,1 prosent i 1973.
Fødselsoverskotet i fylket i 2013 var på 490, ein nedgang på 71 samanlikna med året før. Det var fødselsoverskot i 19 av kommunane i fylket og Ålesund hadde det største overskotet. Om ein ser på tal fødslar, er det størst auke det siste året i Molde og Skodje. Kristiansund har størst nedgang. Det var fødselsunderskot i 16 av kommunane.
Fruktbarheitstalet for kvinner har tradisjonelt vore høgare i Møre og Romsdal enn snittet for landet, og slik er det også i 2013. Samla fruktbarheitstal for fylket i 2013 er 1,84. Det er seks fylke som har høgare fruktbarheitstal, men Møre og Romsdal ligg framleis over snittet for landet. Med unntak av Nord-Trøndelag og Finnmark hadde alle fylka ein nedgang i fruktbarheitstalet i 2013 samanlikna med 2012.
Med aukande utdanning og yrkesaktivitet blir mødrene stadig eldre og det er no flest fødslar blant kvinner mellom 23 og 35 år. For 40 år sidan var det kvinner mellom 18 og 30 år som fødde flest barn. Gjennomsnittleg fødealder for kvinner i fylket er 29,9 år, og for menn 33,3. Tilsvarande tal for landet er 30,5 og 33,5. Det er Oslo som har høgast gjennomsnittleg fødealder – 32,1 for kvinner og 34,8 for menn.