Flytting
Svakare folketalsvekst enn landet
I alle fylka i landet voks folketalet i 2013. Oslo hadde den kraftigaste veksten, både i absolutte tal og i høve til folketalet. Akershus og Rogaland hadde tilnærma like høg relativ vekst som Oslo. Siste året var det berre seks fylke som hadde ein lågare relativ vekst i folketalet enn Møre og Romsdal, og folketalsauken i fylket var under snittet for landet.
I eit 5-årsperspektiv skil Oslo, Akershus og Rogaland seg frå dei andre fylka ved å ha den relativt klart største auken i folketalet. Alle desse fylka hadde ein vekst på over 9 prosent i denne perioden. Til samanlikning var gjennomsnittleg vekst i landet på 6,5 prosent og 5,1 prosent i Møre og Romsdal. Oppland har hatt den lågaste veksten dei siste 5 åra.
10 kommunar med innanlandsk flytteoverskot i 2013
25 av kommunane i Møre og Romsdal hadde flytteoverskot i 2013. Det var tre færre enn i 2012. Ålesund er kommunen med størst flytteoverskot, med 481 fleire innflyttingar enn utflyttingar. Ålesund trona på topp også i 2012, men flytteoverskotet i kommunen i 2013 er endå større (75 fleire flyttingar). I 2013 hadde Kristiansund det nest-største flytteoverskotet i fylket, med 267 flyttingar. Molde hadde klart mindre flytteoverskot i 2013 enn i 2012.
10 av kommunane i Møre og Romsdal hadde også innanlandsk flytteoverskot i 2013. Her låg Sula på topp, med 108 flyttingar, følgt av Giske, Kristiansund, Skodje og Averøy, som alle hadde over 20 personar pluss i innanlandsk nettoflytting. Av byane i fylket var det berre Kristiansund som opplevde innanlandsk flytteoverskot i 2013, i motsetning til året før, då berre Molde opplevde det same. Sunndal, Molde og Ålesund hadde alle tre eit innanlandsk flyttetap på 130 personar og over.
Samla flytteoverskot dei siste 8 åra i Møre og Romsdal
Alle fylka i landet hadde eit flytteoverskot i 2013 dersom vi ser på alle flyttingar under eitt. Flyttingane frå utlandet medverkar til eit flytteoverskot som har auka jamt dei siste åra. Møre og Romsdal har hatt eit samla flytteoverskot dei siste åtte åra, og i 2013 var flytteoverskotet i fylket på 1 635. Dette er ein nedgang frå 2012, då nettoinnflyttinga var 2 210 personar. Møre og Romsdal hadde eit innanlandsk flyttetap på -901 personar i 2013. Det var 15 fleire enn i 2012.
Mange innvandrarar blant dei som flyttar frå fylket
Innvandringa frå utlandet er ein sentral årsak til folketalsauken i Møre og Romsdal og i fleirtalet av kommunane i fylket. Samtidig ser vi at innvandrarane er mindre stadbundne, og det framtidige busettingsmønsteret deira vil ha avgjerande innverknad på befolkningsutviklinga i åra som kjem. I 2013 hadde Møre og Romsdal eit innanlandsk flyttetap på -901, og innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre utgjorde nær 58 prosent av desse flyttingane. Dette var ei auking frå 2012, kor delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre utgjorde 53,4 prosent av det innanlandske flyttetapet.
Stort flyttetap i aldersgruppa 20-29 år
Det er dei mellom 20-29 år som flytter mest på seg. Slik er det også på nasjonalt nivå. Dette er ein periode i livet då mange flyttar i samband med utdanning, arbeid og familieetablering, og trenden for Møre og Romsdal synest å vere ein auke i det innanlandske flyttetapet for denne aldersgruppa. Mellom 2009-2013 var det samla innanlandske flyttetapet for personar i alderen 20-29 år på -3989. Men det må nemnast at flyttetapet for denne aldersgruppa har gått ned frå -887 i 2012 til -870 i 2013.