Barn og unge
Høgare del barn enn i landssnittet
1.januar 2014 var det 58 214 registrerte busette barn og unge under 18 år i Møre og Romsdal. Dette utgjer 22,3 prosent av befolkninga i fylket. Dette er ein litt høgare del enn snittet for landet, som er 22,0 prosent. Av fylka har Rogaland og Akershus den høgste delen barn og unge i befolkninga, med høvesvis 24,4 og 24,0 prosent. Oslo har den lågaste delen, med 19,8 prosent.
Utviklinga dei siste 25 åra viser at det er blitt færre barn og unge i Møre og Romsdal, medan det er ein auke på landsbasis. Sidan 1990 har talet barn og unge i aldersgruppa 0-17 år i fylket blitt redusert med 2,5 prosent. Til samanlikning har folketalet i Møre og Romsdal i denne perioden auka med nær 10 prosent. I Noreg har talet barn og unge i same periode auka med 14 prosent. Tal barn i Møre og Romsdal nådde sitt lågaste nivå i 2009, men sidan har talet auka litt kvart år.
Av kommunane i fylket er det tre omlandskommunar til Ålesund – Giske, Sula og Skodje – som har den høgste delen barn og unge i befolkninga. I desse tre kommunane utgjer barn og unge under 18 år over 25 prosent av folketalet. Bykommunane Ålesund, Molde og Kristiansund har alle ein lågare del barn enn fylkesgjennomsnittet. Halsa og Smøla har den lågaste delen barn og unge av alle kommunane i fylket.
SSB sine framskrivingar1 av folketalet i fylket ventar at talet barn og unge i alderen 0-17 år vil auke og vil passere 63 000 i løpet av dei neste 20 åra. Dei første 10 åra er det venta størst auke i aldersgruppa 0-5 år, medan det er venta ein svak nedgang i talet på 16- og 17-åringar. Om ein ser 20 år fram i tid, er det venta størst vekst i aldersgruppa 6-12 år.
Nær 10 prosent av barn og unge har utanlandsk bakgrunn
Av barn og unge i Møre og Romsdal hadde 9,6 prosent utanlandsk bakgrunn per 1. januar 2014. Dette er lågare enn snittet for landet, som er på 14,5 prosent. Det er 5 580 barn med utanlandsk bakgrunn i fylket, og dette er meir enn 500 fleire enn året før.
Blant barn og unge med utanlandsk bakgrunn utgjer barn frå Polen den klart største gruppa og det er no over 1 000 barn med polsk bakgrunn i fylket. Barn frå Litauen utgjer den nest største gruppa. Nasjonalt toppar også barn frå Polen lista, men barn frå Somalia utgjer ei nesten like stor gruppe. Av barna i Møre og Romsdal med utanlandsk bakgrunn, er 44 prosent frå Aust-Europa og 41 prosent frå Asia, Afrika, Mellom- og Sør-Amerika.
Flytteoverskot i dei fleste kommunar
I 2013 flytta over 2 700 barn og unge under 18 år til Møre og Romsdal, og av desse vandra 800 inn frå utlandet. Samtidig flytta rundt 2 000 barn frå fylket og dette ga eit flytteoverskot i 2013 på rundt 700 barn.
20 av kommunane hadde ein innanlandsk flyttegevinst av barn og unge under 18 år. Sula og Fræna hadde den største innanlandske flyttegevinsten, medan Sunndal hadde det største flyttetapet. Alle dei tre bykommunane i fylket hadde eit innanlandsk flyttetap av barn og unge i 2013.
Når det gjeld flytting frå utlandet i aldersgruppa under 18 år hadde nær alle kommunane eit flytteoverskot i 2013, og berre to kommunar hadde negativ nettoinnvandring. Ålesund hadde størst nettoinnvandring, men også Kristiansund, Sunndal, Molde og Ulstein skil seg ut med høg nettoinnvandring av barn og unge samanlikna med dei andre kommunane i fylket.