Fleire leilegheiter i 2013
I 2013 var det sett i gang bygging av 1 757 bustadar i Møre og Romsdal. Dette var ein auke på 12,5 prosent frå året før. I løpet av dei tre siste åra (2011-2013) blei det til saman sett i gang 4 940 bustadar i fylket. Det gir eit gjennomsnitt på 1 646,7 igangsette bustadar per år.
Viss ein ser nærare på tala for kommunane i Møre og Romsdal, er det Rauma som opplevde størst prosentvis vekst i bustadbygginga frå 2012 til 2013. Men også Ørskog og Tingvoll hadde ein prosentvis vekst i bustadbygginga på over 70 . Sandøy er den kommunen i fylket som opplevde størst nedgang i bustadbygginga frå 2012 til 2013, med 75 prosent. Blant bykommunane i fylket opplevde Molde størst vekst i bustadbygginga, på nærare 59 prosent frå 2012 til 2013. Ålesund hadde ein vekst på nærare 18 prosent, medan Kristiansund opplevde ein nedgang på rundt 6 prosent.
Dei siste tre åra har 16 av 36 kommunar i fylket hatt ein auke i bustadbygginga. Også i denne perioden har Rauma kommune opplevd høg vekst, på over 80 prosent. Også bustadbygginga i Stordal, Norddal, Nesset, Sykkylven og Vanylven har auka med over 60 prosent i same periode. Eide er den kommunen som har opplevd størst relativ nedgang i igangsette bustadar frå 2011 til 2013, men også i Sandøy og Surnadal har den relative nedgangen vore stor.
I 2013 var bustadene som vart bygde i Møre og Romsdal fordelt slik: 25,7 prosent einebustader, 39,3 prosent rekkehus, 30,8 prosent blokker og 4,2 prosent andre bustader. 42,1 prosent av dei igangsette bustadene i fylket låg i dei tre bykommunane.
Samanlikna med 2012 har delen igangsette einebustadar og rekkehus gått ned, medan delen igangsette blokker har gått opp. Det vart med andre ord sett igang bygging av fleire leilegheiter i fylket i 2013, noko som er i tråd med utviklinga i hushaldstypar og demografi.