Uføre/Sjukefråvær
Liten auke i sjukefråværet siste året
Frå 2. kvartal 2013 til 2. kvartal 2014 gjekk det legemelde sjukefråværet opp med 0,2 prosentpoeng i Møre og Romsdal, til 5,3 prosent. Sjukefråværet i fylket er framleis på om lag same nivå som resten av landet, som dette kvartalet var på 5,2 prosent. Seks fylke har lågare sjukefråvær enn Møre og Romsdal. Lågast var det i Rogaland (4,3 prosent), og høgast i Finnmark (6,7 prosent).
I perioden har sjukefråværet gått ned eller halde seg stabilt i 14 av kommunane i fylket. Stordal og Sykkylven har høgast sjukefråvær per 2. kvartal 2014, og begge desse kommunane opplevde ein auke i sjukefråværet frå same tidspunkt i 2013. Sunndal og Midsund har lågast sjukefråvær i 2. kvartal 2014, og her har sjukefråværet gått ned frå året før. Av bykommunane har Molde og Ålesund hatt ein auke i sjukefråværet i perioden, medan Kristiansund har hatt ein nedgang.
Om ein ser på utviklinga dei siste fem åra, har sjukefråværet både i Møre og Romsdal og i Noreg gått ned. 24 av kommunane i fylket har hatt ein nedgang eller hatt uendra sjukefråvær i denne perioden. Størst nedgang har det vore i Smøla. Der har sjukefråværet gått ned med 2,3 prosentpoeng sidan 2010. Den største auken finn vi i Stordal, ein auke på 2,7 prosentpoeng.
Lågare del uføre enn landssnittet
Per august 2014 var det 13 911 personar i Møre og Romsdal som heva uførepensjon. Dette utgjer 8,3 prosent av befolkninga i alderen 18–67 år. Dette er ein lågare del enn for landet sett under eitt, der tilsvarande tal er 9,2 prosent.
Det synest å vere ein skilnad mellom regionane når det gjeld mottakarar av uførepensjon. På Nordmøre har 7 av kommunane over 10 prosent uføre i befolkninga. Sunnmøre og Romsdal har ein kommune kvar der delen uføre er over 10 prosent. Størst del uføre er det i Smøla og i Kristiansund. Lågast del er i Stranda og Ulstein.