Fleire sysselsette enn arbeidsplassar
Det har skjedd lite når det gjeld arbeidsplassdekning frå 2012 til 2013. Det er framleis rundt 5 000 fleire sysselsette enn det er arbeidsplassar i fylket. Arbeidsplassdekninga er den same, 96 prosent. 4 prosent av arbeidstakarane som bur i fylket reiser ut av fylket på jobb.
I den grad det har vore endring, så er denne likevel positiv. I 2012 var det 5 072 for få arbeidsplassar i Møre og Romsdal, i 2013 er dette redusert til 5 020.
Det er berre fire kommunar i Møre og Romsdal som har fleire arbeidsplassar enn sysselsette i kommunen. I faktiske tal er overskotet på arbeidsplassar størst i Ålesund; i 2013 var dette på 3 606 arbeidsplassar. Arbeidsplassdekninga var 115. Både Molde og Ulstein har høgare arbeidsplassdekning, med høvesvis 125 og 124. Den fjerde av kommunane som har arbeidsplassoverskot er Sunndal. I Kristiansund er arbeidsplassdekninga akkurat 100.
Det er tre kommunar som skil seg ut med eit stort arbeidsplassunderskot. Det er kommunane Sula, Giske og Fræna, alle nabokommunar til byar med arbeidsplassoverskot.
Arbeidsplassdekninga har gått opp i 13 av kommunane i Møre og Romsdal frå 2012 til 2013. For dei fleste av desse er endringa marginal, men for Ørskog er endringa stor, der går arbeidsplassdekninga frå 74 til 82. Også i Aukra kommune er arbeidsplassdekninga vorte klart høgare dette året. Der har dekninga gått frå 76 til 80. Det er 12 kommunar i fylket som har fått lågare arbeidsplassdekning i 2013. Størst nedgang har det vore i Stordal, der arbeidsplassdekninga har gått ned frå 103 til 98. Dernest er det Volda som har størst nedgang i arbeidsplassdekning. Der har dekninga gått frå 102 til 99.