Høyre størst framgang ved Stortingsvalet
Av dei 13 partia som stilte liste i Møre og Romsdal ved Stortingsvalet i 2013, er det Høyre som har den klart største framgangen. Med ei auka oppslutning på over 10 prosentpoeng er Høyre fylkets største parti. Arbeiderpartiet, som var størst i 2009, går tilbake 5,5 prosentpoeng. Størst tilbakegang er det likevel for Framstegspartiet, som har 7,3 prosent lågare oppslutning no enn for fire år sidan.
Resultatet for Høyre i Møre og Romsdal er omtrent som resultatet for Høyre på landsbasis. Det som er spesielt for fylket, er relativt fleire stemmer på Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti og relativt færre stemmer Arbeiderpartiet.
Eit anna særtrekk er skilnaden mellom kommunane. I Sunndal fekk Arbeiderpartiet 52,2 prosent av stemmene, i Midsund fekk partiet 15 prosent. Sosialistisk Venstreparti fekk 6,6 prosent i Volda, men berre 0,8 prosent i Giske og Rindal. Senterpartiet er det største partiet i Rindal (37,5 prosent), men fekk knappe 2,2 prosent i Ålesund. Kristeleg Folkeparti fekk sitt beste resultat i Giske, der 19,3 prosent stemte på dei. Lågast oppslutning har partiet i Kristiansund, med 2,4 prosent.
Kristiansund er kommunen der Venstre har størst oppslutning (9,1 prosent), medan partiet berre fekk 0,7 prosent i Rindal og Surnadal. Høyre har størst oppslutning i Midsund med 38,4 prosent, og lågast oppslutning i Rindal (11,7 prosent). Framstegspartiet fekk 27,6 prosent av stemmene i Hareid, og 6,4 prosent i Rindal.
Miljøpartiet De Grønne fekk stemmer i alle kommunane, og størst var oppslutninga i Aure, Halsa og Tingvoll, der partiet fekk 2,1 prosent av stemmene. De Kristne fekk også stemmer i alle kommunane, og partiet er størst i Sula (2,5 prosent). Demokratene fekk null prosent av stemmene i 20 av fylkets 36 kommunar.