Fleire nyttar røysteretten

Fleire nyttar røysteretten

På landsbasis auka deltakinga ved Stortingsvalet frå 76,4 prosent i 2009 til 78,2 prosent i 2013. Også i Møre og Romsdal auka valdeltakinga, frå 75,3 prosent til 76,7 prosent. Valdeltakinga auka i 33 av 36 kommunar i fylket. Samanlikna med landsgjennomsnittet kjem likevel dei fleste kommunane i Møre og Romsdal dårleg ut. Berre 8 av kommunane i fylket hadde like høg eller høgare deltaking enn landsgjennomsnittet.

Ulstein skil seg ut ved å vere den einaste kommunen som hadde ei valdeltaking på 80,4 prosent. God valdeltaking var det også i Volda, Sande, Ørskog og Giske, der frammøteprosenten var 79-80 prosent. Den lågast valdeltakinga i 2013 finn vi i Stordal kommune, der berre 72,3 prosent nytta røysteretten. Deretter følgjer Nesset (72,7 prosent) og Surnadal (72,8 prosent).

Dei tre kommunane som hadde nedgang i valdeltaking frå 2009 til 2013, er Gjemnes (-1,2 prosent), Nesset (-0,7 prosent) og Tingvoll (-0,5 prosent). Størst auke i valdeltaking frå 2009 til 2013 finn vi i Misund (+4,5 prosent), Hareid (+3,5 prosent), Norddal (+3,2 prosent) og Halsa (+3,1 prosent).

Resultata i Møre og Romsdal tyder ikkje på at kommune-storleik har nokon betydning for deltaking i Stortingsval. Det er t.d. nokså klar forskjell i valdeltaking mellom byane i fylket. Molde har størst deltaking med 78,0 prosent, i Ålesund var frammøtet 76,7 prosent og i Kristiansund deltok 74,7 prosent i valet. Det som kan sjå ut til å påverke valdeltakinga er om det bur nokon av dei aktuelle stortingskandidatane i kommunen, men denne effekten er likevel ikkje eintydig.

Valdeltaking stortingsval

Last ned

Stortingsvalresultat i Møre og Romsdal etter år

Last ned

Stortingsval i fylket og landet i 2013 i prosent

Last ned

Stortingsvalet i Møre og Romsdal 2013

Last ned