Fleire elevar i vidaregåande opplæring

Fleire elevar i vidaregåande opplæring

Frå 2011 til 2012 har talet på elevar i vidaregåande skule i Møre og Romsdal auka med 4,2 prosent, medan talet på lærlingar har auka med 2,8 prosent sidan 2011. I Møre og Romsdal utgjer aldersgruppa 16–18 år 86,2 prosent av elevane.

Frå 2011 til 2012 auka talet på elevar og lærlingar med innvandrarbakgrunn i Møre og Romsdal. I 2011 hadde 6,1 prosent av elevane under vidaregåande opplæring innvandrarbakgrunn, medan 4,9 av lærlingane hadde det same. I 2012 var delen elevar med innvandrarbakgrunn på 7,4 prosent, medan delen lærlingar med innvandrarbakgrunn var på 5,7.

Ein stor del av elevane i den vidaregåande skulen får oppfylt sitt førsteønske til utdanningsprogram. I 2010 fekk 88,7 prosent av elevane oppfylt førsteønsket sitt i Møre og Romsdal, medan 88,2 prosent av elevar som søkte vidaregåande opplæring i 2012, fekk det same. Denne delen har vore relativt stabil over lengre tid, og samsvarer med nasjonalt nivå.

I landet sett under eitt var det i 2008 og 2010 fleire mannlege enn kvinnelege lærarar i den vidaregåande skulen. I 2011 snudde denne trenden, og i 2012 var 51,6 prosent av lærarane i vidaregåande opplæring kvinner. I denne tidsperioden var det flest mannlege lærarar i den vidaregåande skulen i Møre og Romsdal, og i 2012 var delen på 52,2 prosent. Samstundes auka delen kvinnelege lærarar jamt i perioden.

I den vidaregåande skulen i fylket var 21 prosent av lærarane 60 år eller eldre i 2010. Fram til 2012 har delen lærarar over 60 år auka til 22 prosent. Dette talet er høgare enn for landet elles, der delen lærarar som var 60 år eller eldre, var på 18,4 prosent i 2012.

Elevar i vidaregåande opplæring etter studieretning/utdanningsprogram, Møre og Romsdal

Last ned

Elevar og lærlingar med innvandrarbakgrunn, Møre og Romsdal

Last ned

Del elevar (%) som har fått oppfylt førsteønske til utdanningsprogram

Last ned

Kjønnsfordeling blant lærarar i vidaregåande skule, Møre og Romsdal 2008-2012

Last ned

Del lærarar (%) som er 60 år og eldre

Last ned