Færre grunnskular

Færre grunnskular

Talet på grunnskular i Møre og Romsdal har gått ned frå 217 per 1. oktober 2011 til 212 per 1. oktober 2012. Nedgangen gjeld offentlege grunnskular, som har gått ned frå 203 til 195. Talet på private grunnskular har samstundes auka med tre i same periode. På nasjonalt nivå har det vore ei tilsvarande utvikling. Her har talet på offentlege grunnskular gått ned med 56, medan talet på private grunnskular har auka frå 172 i 2011 til 185 i 2012.

I 2012 hadde Møre og Romsdal 32 793 elevar i grunnskulen. Det er ein liten nedgang frå 2011, da talet elevar i grunnskulen var 33 119.

Talet på elevar som får spesialundervisning, har hatt ei lita auking på 0,3 prosentpoeng frå 2011, og låg i 2012 på 9,3 prosent. Delen elevar som får spesialundervisning, er høgare i ungdomsskulen enn i barneskulen. Denne tendensen kan vi også sjå hos alle andre fylke i landet, og han samsvarar med tala frå 2011.

Av elevane i grunnskulen i Møre og Romsdal har 51,5 prosent nynorsk som målform, medan 48,4 prosent har bokmål som opplæringsform. På nasjonalt nivå har heile 86,8 prosent av elevane i grunnskulen bokmål som målform, og berre 12,6 prosent har nynorsk. Av elevane i grunnskulen med nynorsk som målform høyrer 88,8 prosent heime i dei fire Vestlandsfylka.

Tal grunnskular i Møre og Romsdal og landet etter eigarforhold og år

Last ned

Elevar i grunnskulen etter målform1, 2012

Last ned

Elevar i grunnskulen og del elevar som får spesialundervisning, etter fylke og årssteg, 1. oktober 2012

Last ned