57 prosent fullførte vidaregåande opplæring på normert tid

57 prosent fullførte vidaregåande opplæring på normert tid

Delen elevar og lærlingar som tok vidaregåande opplæring på normert tid i 2012 i Møre og Romsdal låg på 57 prosent. Ser vi på gjennomføringsgraden, altså talet på elevar og lærlingar som har bestått vidaregåande opplæring i løpet av fem år, finn vi at over 7 av 10 fullførte vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal i 2012. Dette er som i 2011 og plasserer fylket blant dei med høgast gjennomføringsgrad i landet.

Sjølv om delen elevar og lærlingar som fullførar vidaregåande opplæring innan fem år er forholdsvis høg, er det framleis ei utfordring knytt til yrkesfagleg opplæring. Det gjeld særleg overgangen mellom skule og lærlingeplass. Delen elevar som fullførte yrkesfagleg utdanningsprogram i 2012, og som er utplassert på lærlingeplass i 2013, er på 42 prosent. Dette talet er høgare enn for landet elles, men viser at godt over halvparten av dei aktuelle yrkesfagelevane i Møre og Romsdal ikkje har inngått lærekontraktar per september 20131. Samstundes er over 18 prosent av elevane som gjekk vg2 yrkesfag i 2012, ikkje under utdanning i 2013.

Møre og Romsdal har to offentlege fagskular, i Ålesund og Kristiansund. Av desse to er Fagskulen i Ålesund den største, med ein samla studentmasse på 255 per våren 2013. For begge fagskulane er det menn som utgjer den største delen av studentmassen. Delen menn er høgst ved Fagskulen i Ålesund, der han ligg på 96,9 prosent. Ved fagskulen i Kristiansund utgjer menn 74,1 prosent. Dette heng nok i hop med studietilbodet ved skulane Det er i stor grad tradisjonelle mannsdominerte fagretningar, som til dømes maskinteknikk, bygg og anlegg, elektro og maritime fag. Denne tendensen kan vi også sjå på nasjonalt nivå.

Noter:
1. Lærlingekontraktar kan inngås til og med 1. oktober 2013
2. Elevar i vg2 yrkesfag i 2012, ikkje i utdanning i 2013 - kan bety at desse ikkje har fått lærekontrakt, har slutta eller har gått over i eit anna utdanningsløp.

Del elevar og lærlingar (%) som har bestått vgo på normert tid

Last ned

Del elevar og lærlingar (%) som har fullført vgo i løpet av fem år

Last ned

Del elevar (%) vg2 yrkesfaglig 2012, i lære i 2013

Last ned

Del elevar (%) vg2 yrkesfaglig 2012, ikkje i utdanning 2013

Last ned

Aktive studentar ved fagskulane i Møre og Romsdal

Last ned