Nedgang i talet på skulereiser
Møre og Romsdal fylkeskommune er ansvarleg for skuleskyss-tenesta. Skyssretten gjeld til og frå skule ved ordinær start- og sluttid.
Dei fleste av skulereisene går med bilrute, sjølv om nokre i tillegg må nytte ferje og hurtigbåt for å kome seg til skulen. Gjennom femårsperioden 2007-2011 har tal elevar med rett til skuleskyss i grunnskulen vore i snitt 9 600, og i vidaregåande skule 4 700. Tal skulereiser varierer mellom 5 og 6 millionar per år.
I 2012 gjekk talet på skulereiser med bilruter ned med over 900 000 reiser. Dette er ei stor endring. Forklaringane kan vere ei regelendring som kom i 2012, der enkelte kommunar ikkje lenger automatisk melder inn alle elevar i småskulen med rett til skuleskyss. Ein annan faktor som truleg spelar inn, er at kullet med 6-åringar i fylket som har kome inn i skuleskyssordninga, er mindre i 2012 enn i dei føregåande åra.