Kvivsvegen med stor effekt for Hovden

Kvivsvegen med stor effekt for Hovden

Passasjertala ved lufthamnene i Møre og Romsdal er inne i ein god vekstperiode. Frå 2011 til 2012 auka talet på passasjerar i alt med 6,5 prosent. Til samanlikning auka passasjertala for Gardermoen med 4,6 prosent. Molde lufthamn Årø hadde den lågaste auken av lufthamnene i fylket med 2,1 prosent. Opninga av Kvivsvegen har gitt store positive effektar for Ørsta/Volda lufthamn Hovden, som hadde den høgaste auken av lufthamnene i fylket med 14,5 prosent. Ålesund lufthamn Vigra opplevde ein auke på 7,9 prosent, medan Kristiansund lufthamn Kvernberget hadde ein auke på 5,8 prosent.

Kristiansund lufthamn Kvernberget er fylket si offshore-lufthamn, og hadde i 2012 83 845 passasjerar. Det er ein auke på 8,3 prosent eller 6 415 passasjerar frå 2011. Offshoretrafikken frå Kvernberget utgjorde i 2012 13 prosent av den samla offshoretrafikken i landet.

Lufttransport. Tal passasjerar og godsmengde på Gardermoen og dei største flyplassane i fylket, 2012.

Last ned