Jamn trafikkauke i Møre og Romsdal
Det var 2,7 prosent meir trafikk i Møre og Romsdal i 2012 enn i 2011. Tilsvarande tal for landet var ein auke på 1,7 prosent. For landet totalt aukar trafikken i heile perioden frå 2008 til 2012. Det same gjorde trafikken i Møre og Romsdal.
Møre og Romsdal har ein vesentleg større prosentvis auke i trafikken enn landet i heile 5-årsperioden. Auken gir utfordringar i form av slitasje på vegnettet, auka klimagassutslepp, pressa kapasitet på vegane og ferjene, og auka utfordringar i trafikktryggingsarbeidet. I tillegg veks altså desse utfordringane prosentvis meir i Møre og Romsdal enn for heile landet.
Kor stor trafikken er i utgangspunktet, har sjølvsagt stor innverknad på denne situasjonen. Trafikkendringane gjennom året er store, og januar var månaden med størst endring i 2012 i forhold til 2011, med ein auke på 6,7 prosent i Møre og Romsdal. Det er likevel ikkje noko mønster i forhold til når på året endringane i trafikken er størst samanlikna med året før, verken for fylket eller for landet. Spesifikke årsaker til endringane utover generell samfunnsutvikling og auka aktivitet er derfor vanskeleg å finne.