Færre drepne i vegtrafikken
Frå 2001 til 2010 omkom det årleg om lag 15 personar i trafikken i Møre og Romsdal, men variasjonane var store frå år til år. Frå 2010 endra biletet seg, ved at tal trafikkdrepne gjekk markant ned saman med talet på skadde i alt. Denne trenden heldt fram i 2012, med 6 drepne i vegtrafikken i Møre og Romsdal.
Føraren eller trafikanten sine val og handlingar er den største medverkande årsaka til at ulykker skjer i vegtrafikken, og kva utfall dei får. Av dei 326 ulykkene i Møre og Romsdal i 2012, var 135 av dei “einsleg køyretøy utfor vegen”, altså utforkøyringar med berre eit køyretøy innblanda. Den nest største ulykkestypen var av påkøyrsel bakfrå. Møteulykker utanom forbikøyring (andre møteulykker) var den 3. største ulykkestypen. 5 av dei 6 dødsulykkene var andre møteulykker, medan det var flest hardt skadde i samband med utforkøyringsulykkene.