Auka omsetning for TIMEkspressen
Auka omsetning for TIMEkspressen
Talet på reisande med TIMEkspressen gjekk ned med 6,1 prosent eller 30 000 passasjerar frå 2011 til 2012. Samstundes auka omsetninga med 7,7 prosent. Nedgangen er den største sidan ruta starta opp i 2005, men det ser ikkje ut til å vere opplagde forklaringar på nedgangen i passasjertalet. Til dømes er ikkje tilbodet endra vesentleg frå 2011 til 2012, og takstane er heller ikkje endra vesentleg. Totalt hadde TIMEkspressen 466 083 passasjerar og køyrde inn 26,4 mill. kr i 2012. Trass nedgangen synest TIMEkspressen framleis å vere eit attraktivt tilbod for mange. Det høgaste tal passasjerar hadde TIMEkspressen i 2007, med 555 162 reisande.