Tettare i dei store tettstadane
Ved inngangen til 2012 budde 177 471 av innbyggarane i fylket i tettstader. Fordelt over eit samla tettstadsareal på 145,3 km2, gir dette ein gjennomsnittstettleik på 1 221 personar pr. km2. Små tettstader har vanlegvis lågare tettleik enn større, men det er store lokale variasjonar. Dei minste tettstadene (200-500 innbyggarar) hadde i gjennomsnitt 693 innbyggarar pr. km2, medan dei største (>15 000 innbyggarar) hadde 1 742. Lågast tettleik hadde Glærem i Surnadal med 343 innbyggarar pr. km2, medan Kristiansund tettstad var den mest kompakte med 2 232 innbyggarar pr. km2.
I 2012 budde det 4 prosent fleire i tettstader enn i 2009. Tettstadsarealet auka i same tidsrom med 3,2 prosent. Fortettinga i dei store tettstadene er betydeleg større enn i dei små. Frå 2009 til 2012 hadde tettstader med 5 000-15 000 busette ein folketalsauke på 5,1 prosent, men ein arealauke på berre 1,5 prosent. Tettstader med 200-500 busette hadde i same periode ein folketalsnedgang på 0,5 prosent, men likevel ein areal-auke på 4,2 prosent. Størst vekst har det vore i tettstader med 500-2000 busette, der folketalet i perioden vaks med 7,9 prosent og tettstadsarealet med 6,6 prosent.
Tettstadene Ålesund og Sula har vakse seg saman og blitt den klart største tettstaden i fylket, både i folketal og utstrekning. I 2012 hadde desse to tettstadene til saman 48 460 innbyggarar. På dei neste plassane kom tettstadene Molde (20 132 innbyggarar) og Kristiansund (17 456 innbyggarar). Samla folketal i desse tettstadene utgjer nær halvparten av tettstadsbefolkninga i fylket. Tre andre tettstader har meir enn 5 000 innbyggarar: Ørsta, Volda og Ulsteinvik, som utgjer tyngdepunkta i Eiksundregionen.
Av dei 87 tettstadene i fylket har 18 meir enn 2 000 innbyggarar. Desse femner om nærare 80 prosent av tettstadsbefolkninga. 42 tettstader har mindre enn 500 innbyggarar og knappe 8 prosent av tettstadsbefolkninga.
Ålesund har høgast tettstadsdel med 95 prosent av befolkninga. Deretter følgjer Sula, Molde og Kristiansund. Halsa og Smøla har ingen tettstader, og dermed 0 prosent.
Tettstadsdelen er ein indikator på kor spreidd eller samla folk i kommunen bur. Statistikken viser at i kommunar der den største tettstaden (kommunesenteret) har over 2 000 innbyggarar, bur som regel minst 50 prosent av befolkninga i tettstad. Det er grunn til å tru at dess høgare del av befolkninga som bur i tettstad, dess betre er grunnlaget for å utvikle eit berekraftig kommunesenter.