På leit etter kvardagsregionen – kor er han?

På leit etter kvardagsregionen – kor er han?

Dei fleste som bur i Møre og Romsdal er avhengige av arbeidsplassar, sørvistilbod og tenester i eit større område enn heimkommunen. Grensene for dette området vil variere etter kva ein etterspør, og kan endre seg over tid avhengig av kommunikasjonar og tilbod.

Nokre regiondanningar er likevel tydelegare og viktigare enn andre. Alt etter tilnærming kan Møre og Romsdal delast inn i ulike økonomiske regionar , bu- og arbeidsmarknadsregionar (BA-regionar) eller funksjonelle arbeids-, bu- og serviceregionar (ABS-regionar) som også omfattar handel, tenester og kultur (sjå def. neste side).

Utvekslinga av arbeidskraft mellom kommunane seier noko om kva rolle kommunane har i høve til omlandet sitt. Det er mange ulike pendlingsstraumar i fylket, men samtidig ser vi at Ulstein, Ålesund, Molde, Kristiansund og Sunndal skil seg ut med å ha eit noko større pendlingsomland enn andre kommunar i fylket. Utveksling av arbeidskraft mellom Ørsta og Volda er også stor, men samtidig er innpendling frå andre kringliggande kommunar avgrensa. Det er også stor utveksling av arbeidskraft mellom Sunndal og Molde.

Arbeidsplassdekninga seier noko om forholdet mellom tal arbeidsplassar og arbeidstakarar, og i Møre og Romsdal sett under eitt, var arbeidsplassdekninga 96,2 prosent i 2012. Kommunane med arbeidsplassoverskot i 2012 var Ulstein, Molde, Ålesund, Sunndal, Stordal og Volda. Kristiansund hadde marginalt færre arbeidsplassar enn arbeidstakarar.

Tek vi utgangspunkt i dei store pendlingsstraumane, kan vi dele fylket inn i fire regionar. Desse er Eiksundregionen, Ålesund-regionen, Molderegionen og Kristiansundregionen. I desse regionane er arbeidsplassdekninga forholdsvis lik. Unntaket er Kristiansundsregionen. Her er arbeidsplassdekninga nokre prosentpoeng lågare enn i dei tre andre regionane. Ei årsak til dette er næringsstrukturen, særleg i indre delar av regionen.

Internasjonalt, nasjonalt, regionalt og lokalt ser vi konsekvensane av den stadig pågåande sentraliseringa. Sentraliseringa av arbeidsplassane er sterkare enn sentraliseringa av busettinga. Samtidig ser vi at ein stadig større del av befolkninga bur i tettbygde strok, og det er difor ei utfordring å oppretthalde dagens busettingsmønster. Delen som bur i tettbygde strok, er lågare i Møre og Romsdal enn i landet, men vi kjem etter.

Det er til dels store regionale skilnadar i tettstadsbusetting i fylket. I Ålesundregionen bur 81 prosent av befolkninga i tettstad, medan berre 56 prosent gjer det i Kristiansund-regionen. Eiksundregionen (65 prosent) og Molderegionen (66 prosent) har om lag same tettstadsdel, men har likevel svært ulik senterstruktur. Ålesundsregionen synest dermed å ha eit større urbant potensial enn dei andre regionane.

Ulike næringar fungerer ulikt i høve til dimensjonen sentralisering / desentralisering. Jordbruk, fiskeri og industri verkar i liten grad regiondannande i ein funksjonell forstand, sjølv om fiskeri verkar sentraliserande og industri dannar pendlingsregionar. Tenesteytande næringar skaper i sterkare grad regionale band enn andre næringar, då desse dannar både pendlingsomland og tenesteomland, og der tenesteomlandet er større enn pendlingsomlandet. Medan eit pendlingsomland strengt tatt skil seg frå andre pendlingsomland berre ved pendlingsomfang, skil tenesteomland seg frå kvarandre både i omfang og breidde i tenesteytinga (Jukvam 2002)1. Det vil seie at ulike senter har ulike funksjonar med ulikt nedslagsfelt. I NIBR si hierarkiske inndeling av sentera i Noreg, er Ålesund og Molde klassifisert som mellomstore byar, Kristiansund, Volda og Ørsta som småbyar, og Ulstein, Rauma, Sunndal og Surnadal som bygdesenter.

Vi har ikkje konkrete tal på korleis vi tenestependlar i Møre og Romsdal. Statistikken kan likevel gje oss nokre innblikk.

I følgje Jukvam (2002) verkar fiskeria sentraliserande, men hovudsakleg dannar fiskeria homogene kystregionar snarare enn funksjonelle regionar.

I 2012 var sysselsettinga i sørvisnæringane i fylket på til saman 34 prosent. Klart høgast var ho i Ålesund (45 prosent), Kristiansund (41 prosent) og Herøy (41 prosent). I Rauma og Molde kommunar var sysselsettinga i desse næringane 36 prosent. Om vi ser Ulstein, Herøy, Volda og Ørsta under eitt, var sysselsettinga i sørvisnæringane i gjennomsnitt 33 prosent. Både Sunndal og Ulstein, som er industrikommunar, hadde ei sysselsetting i sørvisnæringane som var lågare enn fylket elles. Det er naturleg å forvente at kommunar med høg sysselsetting innan sørvisnæringar, har ein tydelegare funksjon som tenesteytar for omlandet sitt enn kommunar med lågare del sysselsette i desse næringane.

Senterboken 2013 deler Møre og Romsdal inn i seks regionar. Talet på kjøpesenter, geografisk lokalisering og innbyggartal vil påverke gjennomsnittleg omsetnad, men samtidig vil gjennomsnittleg omsetnad per kvm salsareal kunne seie noko om tenesteomlandet. I 2011 hadde kjøpesentera i Sunndal og Surnadal under 10 prosent av den samla omsetnaden i kjøpesentera i fylket. Lågast omsetnad per kvm salsareal var i Surnadal med kr 17 166. I Noreg var den gjennomsnittlege omsetnaden på kr 28 239, og i Ålesund, som var den største kjøpesenterregionen i fylket, var omsetnaden på kr 28 156. Det tyder på at sentera i Surnadal og Sunndal tener eit avgrensa omland.

Utdanning er ei anna næring som går inn under tenesteomgrepet. Klart flest arbeidsplassar innan denne næringa var det i Ålesund, Molde og Kristiansund. Men også i Volda og Ørsta er sysselsettinga innanfor næringa høg. At Ålesund, Molde og Volda er studiestader for høgare utdanning, verkar inn her.

Samla gir dette eit bilete av at byane Ålesund og Molde har eit stort tenesteomland. Eiksund-regionen framstår som meir polysentrisk i sin senterstruktur. Kristiansund synest å vere eit tydeleg senter i sin region, men i noko mindre grad enn Ålesund og Molde i sine regionar. Kristiansund skil seg frå desse to byane ved at omlandet synest å ha ei svakare tilknyting til regionsenteret.

Kvardagsregionar

Last ned

Folketalsutvikling regionsvis 1993 - 2013

Last ned

Prosentvis del busette i tettbygd strok 2012

Last ned

Omsetning i detaljhandelen per innbyggar i dei største bykommunane i fylket 2012

Last ned

Kjøpesenterhandelen i Møre og Romsdal

Last ned

Sysselsette personar etter arbeidsstad i ulike sørvisnæringar, 2012

Last ned

Arbeidsplassdekning 2012 per region og kommune

Last ned

Sysselsette etter arbeidsstad og næring 2012, regionsvis

Last ned