Omsetnaden i detaljhandelen nærmar seg 20 milliardar!
I 2012 omsette detaljhandelbedriftene1 i Møre og Romsdal for om lag 18,6 milliardar kroner. Det er ein auke på om lag 670 millionar kronar frå 2011, eller om lag 3,8 prosent.
Omsetnaden per innbyggar var i 2012 72 718 kroner i Møre og Romsdal, opp frå 70 744 kroner året før. I kroner var auken på 1 974, noko som er ein prosentvis vekst på 2,8 prosent.
Den samla omsetnaden i Møre og Romsdal utgjer om lag 5 prosent av samla omsetnad i landet. Omsetnaden per innbyggar er noko lågare her i fylket enn for landet sett under eitt. På landsbasis er omsetnad per innbyggar 74 866 kroner, noko som er 2 148 kroner eller 3 prosent høgare enn i Møre og Romsdal.
Frå 2011 til 2012 hadde Vanylven, Sande og Eide ein nedgang i omsetninga i detaljhandelen, og Molde, Vanylven og Eide hadde ein nedgang i omsetnaden i detaljhandelen per innbyggar. Ålesund, Kristiansund og Volda hadde høgast auke i detaljhandelen. Bykommunane har høgast omsetnad i detaljhandelen. Høgast er han i Ålesund med ein omsetnad på om lag 5 milliardar, medan omsetnaden i Molde og Kristiansund ligg på omtrentleg 2,7 og 2 milliardar. Samla utgjer omsetnaden i byane om lag 52 prosent av den samla omsetnaden i fylket.
Høgast omsetnad per innbyggar i detaljhandelen var i Ålesund, med 112 893 kroner, med Molde og Ulstein på plassane bak, med høvesvis 104 643 og 94 515 kroner. I alt hadde sju kommunar i fylket ein høgare omsetnad per innbyggar enn landet sett under eitt. I tillegg til Ålesund, Molde og Ulstein ligg også Kristiansund, Volda, Surnadal og Sunndal over landsgjennomsnittet.