Rikast og fattigast i Noreg?
Alle kommunar skal rapportere informasjon om verksemda si til Statistisk sentralbyrå (SSB) gjennom Kommune-Stat-Rapporteringa (KOSTRA). Hjå SSB vert tala registrert og samanstilt. Informasjonen skal tene som grunnlag for analyse, planlegging og styring for avgjerdstakarane og andre, både nasjonalt, regionalt og lokalt. I tabellane her er det den finansielle situasjonen og driftskostnadane i kommunane som er vektlagt. I KOSTRA er det grundig informasjon om kommunal verksemd innanfor alle sektorar.
I tabellane er det nytta konserntal, slik at kommunen, kommunale føretak, kommunale samarbeid og interkommunale selskap er med. Tabellen over dei økonomiske indikatorane syner dei viktigaste nøkkeltala når det gjeld kommunane sin økonomiske situasjon. Netto driftsresultat vert sett på som den viktigaste enkeltståande indikatoren for korleis den økonomiske situasjonen i ein kommune er. Netto driftsresultat er det kommunane har igjen etter at drifts- og finansutgiftene er betalt. Det er tilrådd at netto driftsresultat er på minst tre prosent av driftsinntektene over tid for at kommunane sin formue skal verte ivareteken.
Somme av dei økonomiske indikatorane tydar på at kommuneøkonomien i Møre og Romsdal har styrka seg dei siste åra. Netto driftsresultat er på eit høgare nivå, og det er færre kommunar som har hatt underskot. Likevel er det ein del indikatorar som talar for at den underliggande økonomiske balansen i kommunane i Møre og Romsdal er svakare enn landsgjennomsnittet. Av tabellen går det fram at kommunane har høgare lånegjeld enn landsgjennomsnittet utanom Oslo. Medan gjeldsveksten til landet har stagnert, held gjelda fram med å vekse for kommunane i Møre og Romsdal. Det vil seie at kommunane har mindre handlingsrom i åra som kjem enn kommunane elles i landet. På kort sikt fører det til at kommunane i Møre og Romsdal har høge finanskostnadar, og at det er mindre pengar igjen til tenesteproduksjon. Tabellen syner at netto driftsresultat i 2012 vart på 2,1 prosent av driftsinntektene for alle kommunane i Møre og Romsdal samla.
På kommunenivå viser tabellen at det er store skilnadar mellom kommunane. Aukra kommune har langt på veg det høgaste netto driftsresultatet i fylket. Aukra kommune er i ei særstilling i landssamanheng og har ein av dei aller sterkaste økonomiane. Stranda kommune har den høgaste gjelda i landet og må nytta store delar av inntekta si til å betale renter og avdrag i mange år framover.
Disposisjonsfondet er kommunane sin sparekonto. Kommunane må ha frie middel i netto driftsresultat for å kunne byggje opp disposisjonsfondet. Midla frå disposisjonsfondet kan nyttast etter kommunane sitt eige ønske, til dømes som eigenfinansiering i investeringar eller til å dekke inntektssvikt eller uventa utgifter.
Tabellen over netto driftsutgifter i prosent av totale netto driftsutgifter syner kva kommunane har nytta at eigne middel i dei ymse sektorane, ut frå behov og prioriteringar i kommunen. Gjennomsnittstala for kommunane i Møre og Romsdal og for Noreg utanom Oslo syner at det er lite variasjonar i kor mykje kommunane nyttar på dei ymse sektorane. Studerer ein tala på kommunenivå, ser ein at tala varierer meir.
Den sektoren som kommunane i Møre og Romsdal nyttar mest av midla sine på, er pleie og omsorg. Det er også den største sektoren for Noreg utanom Oslo. Den nest største sektoren er grunnskule, fylgt av barnehagesektoren, både i Møre og Romsdal og i Noreg utanom Oslo.