Framleis høg lønnsskilnad mellom kvinner og menn

Framleis høg lønnsskilnad mellom kvinner og menn

I 2011 var gjennomsnittleg bruttoinntekt for kvinner 62,7 prosent av gjennomsnittleg bruttoinntekt for menn. Dette er klart lågare enn for landet elles, kor delen var på 66,2 prosent. Møre og Romsdal har ein maskulin arbeidsmarknad med mange arbeidsplassar innan tradisjonelle mannsdominerte yrke, som til dømes industri og fiske. Samtidig er det få kompetansearbeidsplassar, noko som særleg rammar kvinnene i arbeidsmarknaden. Dette gjer at det berre er to andre fylke, Vest-Agder og Rogaland, der gjennomsnittleg bruttoinntekt for kvinner utgjorde mindre i prosent av gjennomsnittleg bruttoinntekt for menn.

I Rindal, Stranda, Norddal og Stordal utgjer gjennomsnittleg bruttoinntekt for kvinner over 70 prosent av nivået for menn. Molde er den einaste av bykommunane som ligg over landsgjennomsnittet i fylket. På botn ligg Herøy og Sandøy, kor gjennomsnittleg bruttoinntekt for kvinner er under 50 prosent av gjennomsnittleg bruttoinntekt for menn. Det er òg på botnen på landsbasis.

Den høgaste gjennomsnittlege bruttoinntekta for begge kjønn i fylket hadde dei i Herøy, med Sandøy og Ulstein kommunar på plassane bak. I Herøy var gjennomsnittleg bruttoinntekt for begge kjønn 403 300. Kommunen var dessutan den einaste i fylket i 2011 kor gjennomsnittleg bruttoinntekt for begge kjønn var over 400 000. Lågast gjennomsnittleg bruttoinntekt for begge kjønn i fylket hadde Rindal, Surnadal og Tingvoll. Talet for fylket var 364 200. Dette plasserer Møre og Romsdal på ein 6. plass mellom fylka, der Akershus og Oslo hadde høgast gjennomsnittleg bruttoinntekt for begge kjønn (med høvesvis 426 600 og 422 000). Hedemark hadde den minste gjennomsnittlege bruttoinntekta (326 300).

Dei same kommunane som toppar gjennomsnittleg bruttoinntekt for begge kjønn i fylket, ligg også i toppen når det gjeld gjennomsnittleg bruttoinntekt for menn. Her har Sande gått forbi Ulstein og tatt tredjeplassen, medan Herøy og Sandøy ligg i toppen, med høvesvis 546 000 og 532 900. I botnen av tabellen finn vi Rindal, der gjennomsnittleg brutto-inntekt for menn var 366 000. Dette utgjer 67 prosent av gjennomsnittleg bruttoinntekt for menn i Herøy. Blant fylka ligg Hedmark i botnen også for menn, medan Oslo og Akershus kjem bak Rogaland.

Berre to kommunar i Møre og Romsdal har høgare gjennomsnittleg bruttoinntekt for kvinner enn landsgjennomsnittet. Molde har høgast, med ei gjennomsnittleg bruttoinntekt for kvinner på 309 600. Ålesund kjem på plassen bak med 301 300. Landsgjennomsnittet var på 299 900. Lågast gjennomsnittleg bruttoinntekt for kvinner var i Sande med 251 900. Oslo, Akershus og Rogaland kjem i toppen også for kvinner, med Oslo på førsteplass med 345 100. Nord-Trøndelag, Vest-Agder og Aust-Agder kjem på botnen, lågast Aust-Agder med 270 700.

Det har vore lita utvikling i rangeringa over høgast median-inntekt. Som i fjor er ho høgast i Molde (345 700), med Ålesund, Skodje og Sykkylven på plassane bak. Som i 2010 er det berre desse kommunane i fylket som har ei medianinntekt som var høgare enn medianinntekta i landet. Lågast median-inntekt i fylket var det i Tingvoll med 282 300, med Halsa og Smøla på plassane over. Akershus toppar av fylka med 360 400, med Oslo og Rogaland bak. Hedmark ligg i botnen også når det gjeld medianinntekt, medan Østfold og Oppland kjem rett over.

Noter:
1. Kvænangen kommune hadde større skilnad, men det kjem truleg som eit resultat av at nokre få menn i kommunen hadde utruleg høge inntekter det året. Gjennomsnittleg bruttoinntekt for menn i kommunen det året var over 1.2 mnok mot 345’ året før.
2. Medianinntekt visar her til det beløpet som deler ei gruppe i to like store delar når inntekt blir sortert aukande eller fallande, det vil sei, at det vil vere like mange over og under.

Hovudpostar frå likninga for busette personar 17 år og eldre i 2011.

Last ned

Hovudpostar frå likninga for busette personar 17 år og eldre. 2011

Last ned

Gjennomsnittleg inntekt kvinner i prosent av gjennomsnittleg inntekt menn, 1993 - 2011

Last ned