Få lovbrot i Møre og Romsdal

Få lovbrot i Møre og Romsdal

Meldte lovbrot er definert som alle lovbrot registrert av politiet som meldte i statistikkåret. Det betyr ikkje at lovbrotet er begått same år. Statistikken over meldte lovbrot er her delt i to ulike kategoriar: Brotsverk [forbrytelse] og regelbrot [forseelse]. Denne todelinga av alle straffbare handlingar er angitt i Noregs straffelovgiving. Eit lovbrot er normalt ei straffbar handling av grovare slag enn eit regelbrot. Normalt er alle straffbare handlingar eit brotsverk dersom dei har ei straffe-ramme på meir enn tre månaders fengsel. Øvrige straffbare handlingar er regelbrot.

Møre og Romsdal har ein svært låg kriminalitetsrate. Av fylka er det berre Sogn og Fjordane som har ein lågare del meldte lovbrot per 1000 innbyggjarar. I snitt vart det meldt 44,6 lovbrot per 1000 innbyggjarar i Møre og Romsdal i perioden 2011/2012. Det er under ein tredjedel av rata for Oslo. Oslo toppar tabellen over meldte lovbrot per innbyggjar med 146,4 meldte lovbrot per 1000 innbyggjarar. Ser ein landet under eitt, er det gjennomsnittleg 75,2 meldte lovbrot per 1000 innbyggjarar.

I Møre og Romsdal er “anna vinningskriminalitet” saman med trafikk-kriminalitet dei oftast meldte lovbrota. Dei utgjer til saman over 50 prosent av alle meldte lovbrot. Valdskrim-inalitet og narkotikakriminalitet utgjer høvesvis 11,7 og 8,6 prosent, medan andre lovbrot (økonomiske, seksuelle, skadeverk, miljø- og arbeidsmiljø-brot) til saman utgjer 26 prosent.

Samla blei det meldt 11 428 lovbrot i Møre og Romsdal i perioden 2011/2012. Talet på meldte lovbrot har vore svært stabilt sidan 2007/2008. Av kommunane er det høgast del meldte lovbrot per 1000 innbyggjarar i byane, men i snitt for 2011/2012 låg alle dei tre bykommunane under landsgjennomsnittet.

Meldte lovbrot per 1 000 innbyggarar i Møre og Romsdal. To års gjennomsnitt

Last ned

Meldte lovbrot etter type kriminalitet, Møre og Romsdal

Last ned

Meldte lovbrot per 1000 innbyggarar 2011-2012 (to års gjennomsnitt)

Last ned