8,2 prosent av hushalda i Møre og Romsdal er i risiko for å oppleve levekårsfattigdom
Når ein omtalar fattigdom, tenkjer ein først og fremst på levekårsfattigdom, og ikkje nødvendigvis på kva inntekt ein person har. Likevel er det ein sterk samanheng mellom inntekt og levekårsfattigdom.
Personar i privathushald som er i risiko for å oppleve levekårsfattigdom, har per definisjon ei årleg inntekt etter skatt per forbrukseining som er under 60 prosent av medianinntekta1. I Møre og Romsdal utgjer dette 8,2 prosent av hushalda i 2011, medan delen på landsbasis er 9,6 prosent. Berre tre fylke hadde lågare del hushald som har låginntekt. Det er Rogaland, Akershus og Finnmark. I andre enden av skalaen finn vi Oslo, der heile 14,8 prosent av hushalda har låginntekt.
I Møre og Romsdal er det 17 kommunar som har ein høgare del hushald med låginntekt enn fylket sett under eitt, medan sju kommunar har ein høgare del enn landet sett under eitt
Ser vi på personar som i ein treårsperiode hadde ei inntekt som var under 60 prosent av medianinntekta per forbrukseining, så utgjer desse ein mindre del av befolkninga enn når vi ser på årsseriar. Dette er personar som hadde ei stabil, men låg inntekt. I Møre og Romsdal var delen stabil på fem prosent i dei fire treårsperiodane. Berre Rogaland og Sogn og Fjordane hadde lågare delar av befolkninga med låginntekt enn Møre og Romsdal, medan Oslo og Østfold hadde dei klart høgaste delane av befolkninga med låginntekt i alle treårsperiodane.
Talet på barn som veks opp i hushald med vedvarande fattigdom ligg i alle tidsperiodane mellom 7,6 og 7,7 prosent. Talet er høgast for barn i aldersgruppa 0-5 år, med 8,1 prosent i siste treårsperioden 2009-2011. For aldersgruppa 6-10 år var tilsvarande tal 7,7 prosent og for aldersgruppa 11-17 år 7,3 prosent i same periode. Oppvekst i hushald med vedvarande låginntekt er i aukande grad eit innvandrarfenomen. Kombinasjonen av blant anna svak yrkestilknyting blant dei vaksne og høg forsørgarbyrde på grunn av store familiar har ført til at mange innvandrarfamiliar har hatt ei dårlegare inntektsutvikling enn befolkninga elles.