Vekst i kreative næringar

Vekst i kreative næringar

Kreative næringar i Møre og Romsdal er etter kvart blitt å rekne med, både når det gjeld sysselsetting og verdiskaping. Mange av arbeidsplassane er av ein slik karakter at dei gjev større breidde i arbeidsmarknaden, og dermed aukar attrak-tiviteten til stader i fylket.

Det næraste vi kjem kreative næringar i statistisk samanheng er kulturnæringar, eit omgrep som femnar bransjane musikk, film, foto og spill, tv og radio, arkitektur, design, trykte media, annonse og reklame, kulturarv og kunstnarleg verksemd.

Kreative næringar i fylket er middels store i nasjonal samanheng og sysselsette i 2010 nesten 2 500 personar, fordelt på nærare 1 000 bedrifter. Dette utgjer om lag tre prosent av den samla sysselsettinga i fylket, noko som er omlag like mange som i landbruket. Ein tredel av dei sysselsette i næringa har arbeid innanfor trykte media, som også er den klårt største undergruppa målt i verdiskaping. Den sterkaste veksten i sysselsettinga dei siste åra har derimot vore innanfor kulturarv og musikk. Sysselsettingsveksten har vore klart størst innanfor den delen av næringa som ikkje får offentleg støtte. Frå 2004 har sysselsettinga auka med 28 prosent.

På seks år har talet på sysselsette auka med 28 prosent, og verdiskapinga med 50 prosent. Næringa skaper produkt, tenester og arbeidsplassar som ofte er attraktive for unge og bidrar positivt til eit større mangfald og ein meir attraktiv region.

Verdiskapinga totalt for kreative næringar i fylket var på 1,2 milliardar kroner i 2010, litt over tre prosent av den samla verdiskapinga i næringa nasjonalt. Dette gir fylket ein sjette-plass blant fylka i landet når det gjeld verdiskaping. Lønnsemda til næringa, målt i driftsmargin, ligg likt eller litt over tilsvarande mål for næringa nasjonalt. Næringa i Møre og Romsdal får med andre ord meir igjen per omsett krone enn næringa nasjonalt. Verdiskapinga har auka langt sterkare enn sysselsettinga, heile 50 prosent sidan 2004.

Verdiskapingsveksten i næringa skjer i størst grad i den delen av næringa som ikkje mottek støtte frå det offentlege. Dersom ein ser geografisk på det, er størsteparten av verdiskapinga og sysselsettinga å finne på Sunnmøre. Den prosentvise fordelinga målt i verdiskaping mellom høvesvis dei bedriftene som mottek offentleg støtte og dei som ikkje gjer det, er 38 og 62 prosent.

Lønnsemda til næringa målt i driftsmargin, er varierande men til dels god, og ligg likt eller litt over næringa nasjonalt. Låg lønnsemd er blitt peikt på som ein av dei største utfordringane for næringa, men her er det viktig å peike på ein forskjell mellom kreative næringar og anna næringsliv. Kreative næringar spenner over eit vidt felt: Heilkommersielle bedrifter, bedrifter med ein meir blanda økonomi drivne med offentlege tilskot/prosjektmiddel og aktørar basert på non-profitt-verksemd som først og fremst har ei samfunnsrolle å fylle.

I Møre og Romsdal er to tredjedelar av dei sysselsette i den delen av næringa som ikkje mottek støtte til drift. Og det er her sysselsettingsveksten har vore sterkast dei seinaste seks åra. På indikatorar som er viktige for sysselsettinga, talet på kunstnarar og kulturarbeidarar, kjem vi på høvesvis nest siste og på siste plass i oversikter utarbeidd av Telemarksforsking og Riksrevisjonen*. Dette utgjer i seg sjølv ikkje så mange arbeidsplassar, men er arbeidsplassar som skapar ringverknader og medverkar til danning av klynger.

Note:
Kreative næringar omfattar bransjane musikk, film, foto og spill, tv og radio, arkitektur, design, trykte medium, annonse og reklame, kulturarv og kunstnarleg verksemd.

Kjelder:
*Riksrevisjonen dokument 3:12-2013
*MENON-PUBLIKASJON NR. 32/2012 - Kulturnæringen i Møre og Romsdal – status og utvikling 2004-2010 Riksrevisjonen dokument 3:12-2013 - Tilskudd fra Kulturfondet (2006 — 2012) Telemarksforskning, TF-notat nr: 29/2012 Norsk kulturindeks 2012

Nøkkeltal for kulturnæringa i Møre og Romsdal og landet, 2010

Last ned

Utvikling i verdiskaping fordelt på bransje i Møre og Romsdal, 2004 og 2010 i mill kr

Last ned

Sysselsetting i kreative næringar i fylket, fordelt på bransjer, samt vekst fra 2004 - 2010

Last ned

Utvikling i verdiskaping i kulturnæringar i fylket i MNOK

Last ned