Færre overnattingar frå utanlandske gjester

Færre overnattingar frå utanlandske gjester

I perioden januar-juli 2013 har det vore i underkant av 18,5 millionar overnattingar ved norske hotell, campingar, hyttegrender og vandreheimar. Det har vore om lag 200 000 færre utanlandske overnattingar så langt i år. Men på grunn av ein auke i dei innanlandske overnattingane, er totale overnattingar i Noreg tilnærma på same nivå som i 2012.

Det er verdt å merke seg at SSB har gjort store endringar i overnattingsstatistikken, og samanlikningar mellom 2012 og 2013 bør gjerast med forsiktigheit.

Samanlikna med 2012 har overnattingar i Møre og Romsdal så langt gått ned med om lag 76 000, ein nedgang på over 8 prosent frå 2013. Mesteparten av nedgangen, 60 000, kjem frå utanlandske overnattingar. Vi finn nedgang for både hotell og campingplassar og hyttegrender. Flest utanlandske overnattingar i fylket har vi frå Tyskland, Sverige, Polen, Nederland og Storbritannia.

Fjord-Noreg, som omfattar fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, er ei viktig merkevare for reiselivet i Noreg. Om lag 30 prosent av alle utanlandske overnattingar i Noreg skjer i Fjord-Noreg sitt område.

Samanlikna med reiselivsnæringa i Noreg totalt sett, har Fjord-Noreg ein større del av utanlandske turistar. Ein nedgang frå utlandet vil slå meir ut i denne regionen. Og det er det vi kan sjå i tala frå 2013; 44 000 fleire overnattingar frå norske gjestar, ein auke på 1,5 prosent, og 105 000 færre overnattingar frå utanlandske gjestar, ein nedgang på 6,7 prosent.

Usikkerheit i tala: Det er gjort endringar i overnattingsstatistikken frå 1.1 2013. Tala for hyttegrender og campingplassar er frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknbare med tidlegare år. Tala for hotell er i mindre grad påverka av omlegginga i statistikken.

Utviklinga i reiselivsnæringa januar - juli, basert på registrerte overnattingsdøgn

Last ned

Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet januar-juli 2013

Last ned

Utviklinga i reiselivsnæringa i fylket, januar - juli, basert på registrerte overnattingsdøgn

Last ned