Nedgang i FoU i næringslivet

Nedgang i FoU i næringslivet

I 2011 vart det totalt brukt 748 millionar kroner på forsking og utviklingsarbeid (FoU) i Møre og Romsdal. Dette er ein nedgang på 145 millionar kroner frå året før. Det er næringslivet som står for den største delen av dei totale FoU-utgiftene i Møre og Romsdal (67 prosent i 2011), og det har her vore ein nedgang i FoU-utgiftene frå 2010 til 2011 på 21 prosent. Noreg hadde på same tid ein vekst i dei totale FoU-utgiftene på 2,6 prosent og ein vekst i næringslivet sin FoU-innsats på 0,3 prosent. Universitets- og høgskulesektoren og instituttsektoren i Møre og Romsdal hadde begge ein auke i FoU-utgiftene frå 2010 til 2011.

Det er store regionale forskjellar i FoU-aktivteten. Oslo er det klart mest dominerande fylket med totale FoU-utgifter på 14,5 milliardar kroner i 2011, noko som utgjer 32 prosent av dei samla FoU-utgiftene i landet i 2011. Det nest største fylket målt i FoU-utgifter er Sør-Trøndelag, tett følgd av Akershus. Møre og Romsdal kjem på ein 12.-plass blant fylka med 1,6 prosent av dei samla FoU-utgiftene i landet.

Det vart i 2011 brukt litt over 2 900 kroner per innbyggar på FoU i Møre og Romsdal. Dette er ein klar nedgang frå 2010, då det vart brukt om lag 3 500 kroner per innbyggar. Berre seks fylke har ein lågare FoU-kostnad per innbyggar enn Møre og Romsdal. Oslo er det fylket som bruker mest per innbyggar, tett følgd av Sør-Trøndelag.

I 2011 vart det utført om lag 726 FoU-årsverk i Møre og Romsdal av forskarar og fagleg personale. Dette er ein nedgang på 74 årsverk frå 2009. Næringslivet står for den største delen av årsverka, og nedgangen i denne sektoren er høgare enn den samla nedgangen. Universitets- og høgskulesektoren opplevde ei auke på 22,5 prosent i perioden, medan instituttsektoren hadde ein svak nedgang på 2,4 prosent i same periode.

Dersom vi ser på finansieringa av FoU frå Noregs Forskningsråd, ser vi at Møre og Romsdal er det fylket utan universitet som mottar mest midlar. Møre og Romsdal fekk totalt 69 millionar kroner i prosjektmidlar frå Forskningsrådet i 2012, det vil seie om lag 1 prosent av dei totale Forskningsråds- midlane. Det er stor konsentrasjon i tildelingane frå Forskningsrådet, og dei fire store FoU-fylka Oslo, Sør-Trøndelag, Akershus og Hordaland fekk til saman 88 prosent av alle tildelte midlar, det vil seie 5,6 milliardar kroner.

SkatteFUNN1 er ei viktig finansieringskjelde for FoU i næringslivet. For 2012 er det registrert 276 aktive prosjekt i Møre og Romsdal, ein auke på 21 prosent frå året før. Det budsjetterte
skattefrådraget for prosjekta var på totalt 109 millionar kroner. Som tidlegare år ligg Møre og Romsdal med dette på ein 6.-plass blant fylka.

Ein stor del av SkatteFUNN-prosjekta i Møre og Romsdal finn ein innanfor sektorane marin/sjømat og maritim. Innanfor marin/sjømat var det 90 aktive prosjekt i fylket i 2012, medan det var 79 innanfor maritim sektor. Med dette var Møre og Romsdal det fylket i landet med flest prosjekt i desse sektorane i 2012.

Møre og Romsdal er ein del av Regionalt forskingsfond Midt-Norge saman med Sør- og Nord-Trøndelag. Fondet lyser ut forskingsmidlar innanfor spesifiserte satsingsområde som aktørar innanfor næringsliv og offentleg sektor kan søke på. Totalt godkjente fondet i 2012 26 prosjektsøknader som fekk til saman 26,3 millionar kroner i støtte. Satsingsområdet «Innovasjon i offentleg sektor» hadde flest godkjente prosjekt.

Note:
SkatteFUNN vart oppretta i 2002, og er ein rett som gjeld for alle bedrifter som er skattepliktige i Noreg. Dei forskingsprosjekta som tilfredsstiller krava, får dekt opp til 20 prosent av kostnadene i form av skattefrådrag

Totale FoU-utgifter i 2011 etter fylke og sektor

Last ned

FoU-utgifter i Møre og Romsdal fordelt på utførande sektor og år. Mill kr i løpande priser

Last ned

Aktive prosjekt i 2012 fylkesvis og budsjettert skattefrådrag

Last ned

Forskningsrådet sine tildelingar i 2012 fordelt på fylke, i mill kroner

Last ned

Regionalt Forskningsfond Midt-Norge. Godkjente prosjektsøknader i 2012

Last ned