Møre og Romsdal byr verda på fisk!

Møre og Romsdal byr verda på fisk!

Fastlands-Noreg eksporterte i 2012 tradisjonelle varer til ein samla verdi av 360 milliardar kroner. Dei tre største eksportfylka i landet er Hordaland, Rogaland og Møre og Romsdal. Saman eksporterte desse fylka tradisjonelle varer til ein verdi på 140 milliardar kroner, om lag 40 prosent av den samla eksporten frå Noreg. Eksporten frå Møre og Romsdal hadde ein verdi på 34 milliardar, og utgjorde i 2012 9,6 prosent av den nasjonale eksporten.

I perioden frå 2008 til 2010 auka eksporten frå Møre og Romsdal med om lag 4,5 milliardar kroner eller 14,6 prosent. Dei siste åra har verdien på eksporten frå fylket hatt ein liten nedgang på 2,1 prosent eller om lag 750 millionar kroner.

Noreg er ein stor eksportør av fisk og fiskeprodukt, og eksporterte samla for nærare 51 milliardar kroner i 2012. Møre og Romsdal er det suverent største eksportfylket av fisk, og står aleine for i overkant av 14 milliardar kroner, noko som utgjer nærare 30 prosent av Noregs fiskeeksport. Frå 2011 til 2012 gjekk eksporten av fisk ned med nærare 2 milliardar i Møre og Romsdal, medan den for landet sett under eitt berre gjekk ned med 1,3 milliardar. Følgjeleg hadde fiskeeksporten i fylket ei dårlegare utvikling enn for landet sett under eitt.

Når vi samanliknar eksporten for perioden januar – august 2013 med same periode i 2012, syner tala at det har vore ein nedgang i eksportverdien på 1,3 prosent. Nedgangen er høgare i Møre og Romsdal enn for landet sett under eitt,med ein nedgang på 4,5 prosent. Likevel er Møre og Romsdal framleis det tredje største eksportfylket i perioden. Høgast nedgang målt i kroner hadde Østfold med ein nedgang på 553 millionar, medan Nordland opplevde den høgaste auken med 567 millionar.

Fotnote tabell:
1. Endringar frå og med 17.juni 2013. Det er gjort endringar i fordelinga av verdiane
mellom dei ulike produksjonsfylka - totaltala er uendra. (Endringa gjeld tilbake til og med 2008)

Fastlandseksport1 i mill. kroner

Last ned

Fastlandseksport av varer per fylke i perioden januar-august 2012 og 2013 i mill kroner

Last ned

Eksport av fisk etter fylke 2012 og 2011 i mill. kroner

Last ned