Industrifylket!

Industrifylket!

I 2012 var det 229 192 sysselsette i industrien i Noreg, noko som svarar til 8,9 prosent av alle arbeidsplassane i landet. Til samanlikning var sysselsettinga i industrien i Møre og Romsdal på 16,5 prosent. Det gjer Møre og Romsdal til landets største industrifylke, målt i del av alle arbeidsplassar i fylket i 2012. Berre Rogaland og Hordaland hadde fleire industriarbeidsplassar enn Møre og Romsdal målt i absolutte tal.

Det er store variasjonar i industrisysselsettinga i kommunane. Som i 2010 og 2011 toppar Haram statistikken med ei sysselsetting i industrien på 48 prosent. Dette er dessutan ein auke på 1 prosentpoeng frå året før. Også i Sykkylven og Ulstein var industrisysselsettinga høg, i begge over 40 prosent. Lågast sysselsetting i industrien var det i Norddal kommune. Målt i absolutte tal var sysselsettinga i industrien høgast i Ulstein med 2 179 personar. Deretter følgjer Ålesund og Haram.

17 kommunar hadde ei sysselsetting i industrien som var høgare enn fylkesgjennomsnittet. I 29 kommunar utgjorde industrien ein større del av sysselsettinga enn landsgjennomsnittet. I 13 kommunar var meir enn kvar 5. arbeidsplass i industrien, noko som viser at mange av lokalsamfunna i fylket er svært avhengige av industriell verksemd.

Det er klart flest menn sysselsett i industrien. Av 21 328 industriarbeidarar i Møre og Romsdal i 2012 var 76,4 prosent menn. Det er fleire enn i 2008, då 74,8 prosent av alle industriarbeidarane var menn. Blant dei sysselsette i indu-strien i 2012 var nærare 4 av 10 i aldersgruppa 40-54 år, og 57,1 prosent var mellom 40 og 66 år. Utviklinga viser at den relative delen av dei sysselsette i alderen 40-66 år auka frå 2008 til 2012.

Sysselsette i industrien i Møre og Romsdal etter alder

Last ned

Relativ del industriarbeidsplassar av alle arbeidsplassar 2011 og 2012

Last ned

Relativ del industriarbeidsplassar av alle arbeidsplassar 2012

Last ned