Enkeltmannsføretak eller bedrifter med 1-4 tilsette mest vanleg

Enkeltmannsføretak eller bedrifter med 1-4 tilsette mest vanleg

Ved inngangen til 2013 var det registrert 25 988 bedrifter i Møre og Romsdal. Av desse var 15 127 (58,2 prosent) enkeltmannsføretak og 10 861 var bedrifter med 1 eller fleire tilsette. Det var flest bedrifter med 1-4 tilsette (5 550). Rundt 360 bedrifter hadde 50 eller fleire tilsette, og blant desse var det 22 som hadde 250 eller fleire tilsette. 79,6 prosent av alle bedriftene i fylket var anten enkeltmannsføretak eller bedrifter med 1-4 tilsette, og 8 770 (33,7 prosent) av alle bedriftene var lokalisert i anten Ålesund, Molde eller Kristiansund kommunar.

Av bedriftene med fleire enn 250 tilsette, var fem lokalisert i Molde kommune. Herøy og Ulstein kommunar hadde fire bedrifter kvar av denne storleiken. Også Ålesund (3), Haram (2), Kristiansund (1), Volda (1), Sykkylven (1) og Sunndal (1) hadde bedrifter med 250 eller fleire tilsette.

I alt var det 97 bedrifter med 100-249 tilsette i fylket ved inngangen til 2013. Av desse var 46 lokalisert anten i Ålesund, Molde eller Kristiansund. Kommunane Herøy og Ulstein hadde fem kvar av desse. Fleire av dei mindre kommunane i fylket hadde 1-2 slike bedrifter, t.d. Sande, Sandøy, Nordal og Rindal.

Dette viser at det rundt om kring i Møre og Romsdal er mange store og små lokalsamfunn som er prega av nokre få, men store, private bedrifter. Desse har stor innverknad lokalt fordi dei utgjer ein høvesvis stor del av arbeidsplassane i desse kommunane. På den eine sida er det ein styrke å ha solide bedrifter som kan gi grunnlag for vidare utvikling og vekst i lokalsamfunna. På den andre sida kan dette også bety høg risiko, for nedskalering av aktivitet, flytting eller nedlegging vil ha innverknad på arbeidsmarknaden, lokalt næringsliv og andre tilhøve.

Bedrifter med og utan tilsette ved inngangen til 2013. Etter kommune, fylke og landet

Last ned