4 av 5 nye bedrifter er enkeltmannsføretak

4 av 5 nye bedrifter er enkeltmannsføretak

Talet på bedrifter i Møre og Romsdal auka i 2012 med 1 037 eller 4,2 prosent. Av desse var 225 bedrifter med fleire tilsette, dei andre var enkeltmannsføretak. Det vil seie at om lag 4 av 5 nye bedrifter var enkeltmannsføretak i 2012. Til samanlikning arbeidde om lag 9 av 10 i bedrift med 1 eller fleire tilsette på same tidspunkt.

Det var ved inngangen til 2013 i alt 10 861 bedrifter med tilsette i Møre og Romsdal. Fordelt etter næringsgrupper var 48,2 prosent av alle desse innan ulike sørvisnæringar, 21,2 prosent innan sekundærnæringar og 13,4 prosent innan helse- og sosialtenester. Utviklinga i perioden 2009-2013 viser ein jamn auke innan desse tre næringsgruppene på mellom 4 og 5 prosent.

Også blant enkeltmannsføretaka er det flest innan ulike sørvisnæringar. Av i alt 15 127 enkeltmannsføretak var 42,8 prosent innan sørvisnæringar, 24,8 prosent innan jordbruk, skogbruk og fiske og 17,9 prosent innan sekundærnæringar. Utviklinga i perioden 2009-2013 viser ein stadig nedgang på enkeltmannsføretak innan jordbruk, skogbruk og fiske og ein jamn auke innan sørvisnæringar og sekundærnæringar. Også innan helse- og sosialtenester og personleg tenesteyting har det vore ein god vekst i perioden, med 377 fleire enkeltmannsføretak, det svarar til 28,2 prosent av auken i talet på bedrifter i perioden.

I perioden 2009-2013 auka talet på bedrifter i Møre og Romsdal med 1 746. Av desse var nærare 4 av 5 enkeltmannsføretak. Talet på bedrifter var størst innan næringsgruppa sørvisnæringar – heile 941 fleire bedrifter. 4 av 5 av desse var enkeltmannsføretak. Innan jordbruk, skogbruk og fiske gjekk talet på registrerte bedrifter tilbake med 265. Medan det vart 274 færre enkeltmannsføretak, vart det 9 fleire bedrifter med tilsette i perioden.

Bedrifter med og utan tilsette, i ulike næringsgrupper ved inngangen til året. Møre og Romsdal

Last ned

Del bedrifter etter næring av alle bedrifter i sin gruppe 2013

Last ned