1 949 nye føretak
I 2012 vart det registrert 1 949 nye føretak i Møre og Romsdal. Dette er ein auke på 205 nyetableringar frå året før, eller 11,8 prosent. Dette er ein noko sterkare auke enn i landet elles, der talet på nyetableringar gjekk opp med 9,1 prosent frå 2011 til 2012. Flest føretak vart etablert innan omsetning og drift av fast eigedom, bygg- og anlegg, helsetenester og detaljhandel.
830 eller 42,6 prosent av dei nye føretaka vart etablerte i Ålesund, Molde og Kristiansund. Over halvparten (421) vart etablerte i Ålesund.
I 9 av 10 nyetablerte føretak var det ingen tilsette, medan 236 føretak hadde til saman 808 tilsette. Det er nærare 40 føretak og 200 fleire tilsette i 2012 enn i 2011.
Etableringsgrad er eit mål som vert nytta for å samanlikne etableringsaktiviteten i ulike område. Etableringsgraden er talet på nyregistrerte føretak i forhold til eksisterande føretak. I 2012 var etableringsgraden i Møre og Romsdal 11,2. Det er noko sterkare enn 2011, då etableringsgraden var 10,1. I Noreg var etableringsgraden 13,7 i 2012.
Blant kommunane i Møre og Romsdal var etableringsgraden høgast i Ørskog og lågast i Eide. 14 kommunar hadde ein etableringsgrad lik eller større enn den gjennomsnittlege etableringsgraden i fylket, medan fem kommunar hadde ein etableringsgrad lik eller høgare enn den nasjonale på 13,7 prosent.
Nye føretak har høg overlevingsgrad i Møre og Romsdal. Av om lag 1 700 etablerte føretak i 2005 var nærare 570, eller 33 prosent, framleis i drift etter fem år. For landet var delen føretak som framleis var i drift etter 5 år, klart lågare (29,7 prosent). Berre fylka Sogn og Fjordane, Aust Agder og Oppland har høgare overlevingsgrad enn Møre og Romsdal.