Folkebiblioteka er ein suksess med utfordringar!

Folkebiblioteka er ein suksess med utfordringar!

Folkebiblioteka i Møre og Romsdal registrerte 1 023 000 utlån i 2012. Dette er ein nedgang på 68 000 eller 6 prosent i høve til i 2011. Det vart også registrert 804 000 besøk, mot 828 000 i 2011, ein nedgang på 3 prosent. Utlån til barn var 459 000 mot 514 000 i 2011.

Stordal folkebibliotek forsvarer utlånstoppen med 7,5 utlån pr. innbyggjar i 2012. Deretter kjem Sandøy med 6,8. Begge desse er kombinasjonsbibliotek med skule, og vil av den grunn ha eit høgare utlånstal. Norddal med 6,4 og Haram med 6,1 utlån er høgast av dei som er «reine» folkebibliotek. Biblioteka i Sande og i Surnadal kan syne til stor utlånsauke på over 20 prosent. Også biblioteka i Skodje, Gjemnes og Volda kan vise til stor auke i utlån.

Det er ein tendens over heile landet at utlånet går svakt ned. I Møre og Romsdal har utlånet derimot vore stabilt på over 1 060 000 på heile 2000-talet. Det er også ein tendens at talet på registrerte besøk går ned. Ein slik tendens har vi i vårt fylke òg.

Utlånet av bøker pr. innbyggar for både vaksne og barn går ned, og det er utlån av fagbøker som er mindre. Utlånet av skjønnlitteratur er meir stabilt og aukar også i fleire kommunar.

I fordelinga mellom bøker og andre media er det også store endringar. I 2001 var 19 prosent av utlånet i Møre og Romsdal lyd og film. I 2012 er dette talet 23 prosent. Det er utlån av lydbøker og film som aukar, medan utlån av musikk går ned. I 2012 vart det berre lånt ut 12000 musikkinnspelingar frå folkebiblioteka i fylket. Grunnen til dette er endra mønster i korleis folk no skaffar seg musikk å lytte til.

Utlån frå folkebiblioteka i 2012

Last ned