Få statlege kulturkroner til fylket
Det blir brukt klart flest statlege kulturkroner i Oslo. Dei statlege løyvingane til kultur (per innbyggar) er lågast i Akershus, medan Hordaland, Sør-Trøndelag og Vest-Agder er dei fylka utanom Oslo med største løyver per innbyggar. For landet sett under eitt har alle fylka hatt ein vekst i dei statlege løyving-ane til kulturformål på 70 prosent frå 2005 til 20013. Held ein Oslo utanfor, har veksten vore på 81 prosent i perioden.
I 2013 vart det løyvd 692 statlege kroner per innbyggar til kulturformål. Dette er ein nedgang på 11 kroner frå året før, men samtidig 70 prosent meir enn i 2005. I Møre og Romsdal var dei statlege løyvingane i 2013 på 386 kr per innbyggar. Det betyr at det vart løyvd 44,2 prosent mindre per innbyggar i Møre og Romsdal enn per innbyggar i landet sett under eitt. I 2005 var det relative forholdet 48,2 prosent, noko som betyr ei utvikling i disfavør for Møre og Romsdal.
Møre og Romsdal kjem også dårlegare ut enn dei andre vestlandsfylka. I 2013 vart det løyvd 784 kr per innbyggar i Hordaland, 529 kr per innbyggar i Sogn og Fjordane og 411 kroner per innbyggar i Rogaland. Møre og Romsdal si plassering i høve til dei tre andre vestlandsfylka har vore likeins kvart år i perioden 2005-2011. Målt relativt har auken i statlege løyvingar vore sterkare for Møre og Romsdal enn for Hordaland og Rogaland i same periode. Med ein relativ auke på 83 prosent, har veksten dessutan vore sterkare enn landsgjennomsnittet i perioden.