32,3 millionar kroner til kulturinsituasjonar
I 2013 løyvde fylkeskommunen 32,3 millionar kroner til dei største kulturinstitusjonane i fylket. Av desse gjekk 12,8 millionar kroner til dei tre regionale musea, ein liten auke frå året før. Teatret Vårt fekk eit tilskot på 7,5 millionar kroner. Det er ein auke på 2,6 millionar kroner frå 2012 (auken inkluderer også husleigetilskot for Plassen).
Førre året gav fylkeskommunen fem tilsegn om spelemidlar til kulturbygg til ein samla verdi av 5,2 millionar kroner. Dette er 2,6 millionar meir enn året før. Det vart I 2013 gitt tilsegn om spelemidlar til nærmiljøanlegg og ordinære anlegg på til saman 47,2 millionar kroner. I alt var det 200 godkjende søknader til nærmiljø- og ordinære anlegg, og i desse vart det søkt om spelemidlar på til saman 214 millionar kroner.
Av dei 42,8 millionar kronene som vart tildelt ulike ordinære anlegg i 2013, gjekk 19,7 millionar til fleirbrukshallar, 7 millionar kroner til fotballanlegg og 2,1 millionar kroner til idrettshus. Det vart også løyvd 10 millionar til ulike friluftsanlegg.