Innvandrarane frå Polen dominerer
Innvandrarane frå Polen dominerer
Blant innvandrarane og norskfødde med innvandrarforeldre, hadde nærare 67 prosent europeisk bakgrunn. Dette er ein liten auke frå året før, då delen var 66 prosent. Det er innvandrarane frå Polen som dominerer. Som i Noreg, er polakkane den desidert største innvandrargruppa i Møre og Romsdal, med 4 823 busette ved inngangen til 2013. Dette er om lag 300 færre enn innbyggjartalet i Hareid kommune (5 100) og betyr at kvar 5. innvandrar i Møre og Romsdal har polsk bakgrunn.
Den nest største gruppa er innvandrarar frå Litauen, med 2 350 personer. Dette er om lag like mange som er busett i Gjemnes kommune. Til samanlikning hadde 7 kommunar i fylket har færre enn 2 350 innbyggjarar i 2012.