Flest innvandrar i Ålesund
Flest innvandrar i Ålesund
Det bur innvandrar i alle kommunane i fylket, men det er klart flest innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i Ålesund, med 4 889 personar. I relative tal er det flest busette innvandrarar i Stordal. Av eit samla innbyggjartal på 1 052 er 16,3 prosent innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Deretter følgjer Hareid (5 100) med 15,4 prosent og Ulstein (7 900) med 14,8 prosent.
Kommunen med lågast del innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre var Rindal. Her var 1,5 prosent av innbyggjarane innvandrarar eller norskfødde med innvandrarbakgrunn.